skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Molde tapte generalprøva

To mål på Daniel Berg Hestad mot Brann
To mål på Daniel Berg Hestad mot Brann
Molde tapte 3-2 på Molde stadion i generalprøva i fotball søndag kveld. Brann, som også har hatt ein rufsete forsesong, fekk dermed ein liten opptur før seriestarten.

Publisert 03.04.2006 06:52.
Molde derimot har framleis mykje å rette på til kampen mot Tromsø søndag 9.april. Allereie i dag reiser MFK til Nederland for å¨få grastrening. Det finst ikkje grasbaner som kan brukast her heime, og Molde stadion må få kvile fram til komande helg, seier trenar Arild Stavrum til NRK Møre og Romsdal.

Utan Friend

Molde stilte utan Rob Friend mot Brann i går. Spissen sonar ein treningskamp og serieopninga. Dermed må Molde finne andre løysingar på topp. I går var det forsvarsspelar Toni Kallio som vikarierte som spissvikar. Kallio gjorde forarbeid til begge scoringane til Daniel Berg Hestad i går. Frå start av spelte Sandro Grande på den andre spissplassen, men han vart bytta ut undervegs.

Dansk spiss

Fredag kveld vart den danske spissen Denni Conteh klar for Molde. Dansken har mellom anna spelt for Strasbourg og Odense. Han er ei korttidsløysing for to månader. Molde måtte ha ein ny spiss i A-stallen, men fekk aldri dei spelarane som stod øvst på ønskelista. Trenar Arild Stavrum vedgår at han gamblar med å hente inn Denni Conteh, men har likevel god tru på at han skal slå til.


Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no