skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

To raude til AaFK i nabodyst

Madiou Konate stal showet og var sist på ballen som ga sluttresultat 2-1 til Molde. Foto: Gunnar Sandvik
Madiou Konate stal showet og var sist på ballen som ga sluttresultat 2-1 til Molde. Foto: Gunnar Sandvik
AaFK må kanskje greie seg utan brasilianske Dede Anderson etter at han fekk direkte raudt kort i treingskampen mot Molde i kveld. Også backen Mattias Nylund vart utvist etter to gule kort etter pause. Molde vann kampen 2-1

Publisert 26.03.2006 19:46. Oppdatert 27.03.2006 07:38.
Utviste spelarar i treningskampar har vorte eitt heitt tema for dei lokale laga i det siste. Rob Friend vart utvist mot Hødd nyleg, og det er framleis uklart om han må stå over serieopninga mot Tromsø. Molde har anka saka, og reknar med å få ein del svar i løpet av veka.

Kanadiske Sandro Grande hadde ein fin debut i MFK-trøya. Foto: Gunnar Sandvik

Mot Aalesunds FK debuterte Sandro Grande for MFK. Han gjorde ein fin figur som defensiv midtbanespelar. Dermed har Molde funne ein erstattar for Magnus Kihlberg. Grande kom frå Viking laurdag og debuterte altså søndag då han kom inn for Petter Rudi tretti minutt ut i kampen.

Men det var Madio Konate som stal showet. Han laga 1-0 til Molde etter eit flott raid der avslutninga gjekk via svenske Mattias Nylund og i mål. AaFK utlikna før pause då Erlend Holm vart felt, og Dede Anderson sette inn straffesparket.

Ikkje lenge etter måtte AaFK sin målscorar forlate kampen då han etter ein duell vart sint på Toni Kallio og nærast slo til Molde-spelaren så han hamna i bakken. Dermed direkte raudt kort til brassen, som kanskje må stå over serieopninga på grunn av dette. Også Mattias Nylund vart utvist i ein etter kvart ganske så amper kamp då han fekk to raske gule kort etter pause.

AaFk meinte at også Marcus Andreasson burde ha fått raudt kort då Lasse Olsen vart dytta mot slutten av kampen. TV-bilde viser likevel at dette neppe kvalifiserte til raudt kort.

Molde avgjorde kampen då Madio Konate krangla inn 2-1 i 2.omgang. Den same Konate hadde mange sjansar til å auke Molde si leiing. Molde vann fullt fortent, men 2-1 over eit AaFK-lag som avslutta kampen med ni mann er ikkje direkte imponerande to veker før seriestart. Komande søndag spelar Molde generalprøve mot Brann, kanskje på Molde stadion. AaFK spelar heime mot Tromsø fredag, og borte mot Hødd søndag.

Domaren måtte dele ut to raude kort til Aafk-spelarar. Foto: Roar Strøm NRK

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no