Molde-spelaren Dag Roar Ørsal er klar for Aalesunds Fotballklubb.
Ørsal kom til Molde frå Hødd før fjorårs-sesongen, men fekk aldri særleg tillit i Molde.
Molde og Ørsal blei difor før helga samde om at han kunne forlate klubben, og både Hødd og Aalesund meldte sin interesse.
Valet falt på AaFK, og no har Dag Roar Ørsal inngått ein to-årskontrakt med Aalesund.