skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

- Må forme spelarstallen

Klubbveteran Ulrich Møller meiner det er uheldig at Molde Fotballklubb framleis ikkje har fått på plass ein ny trenar.

Publisert 23.12.2005 08:17.


- Særleg med tanke på at den nye trenaren bør vere med å forme neste års spelarstall er dette uheldig, seier Møller.

- Etter det eg forstår skal troppen krympast, og tre-fire nye spelarar skal på plass, og dette arbeidet bør ein ny trenar vere med på. Med tanke på at treningane til 2006 sesongen startar snart, hastar det med å få den nye trenaren på plass, seier Møller.

Mange trenarskifte

Han viser til at det i seriesamanheng har vore tre magre år, og med mange trenarskifte.

Møller meiner det er uheldig både for spelarane og for den fotballkulturen som MFK har, og som klubben ønskjer å vidareføre.

Han ønskjer at MFK får ein ung, norsk trenar som blir i klubben i fire-fem år.

Fotballfagleg dyktig

- Det kan skape entusiasme i Molde og omegn og trekke fleire publikummarar.

- Men viktigast er sjølvsagt at den nye trenaren er fotballfagleg dyktig, og som ser for seg å vere i klubben nokre år, for å vere med og bygge opp eit lag, seier klubbveteran Møller.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no