Petter Rudi trur kvalifiseringskampane mot Moss blir like vanskelege som cupfinalen.
Allereie til helga ventar ein ny og viktig kamp for cupmeistrane frå Molde. Då skal laget spille den første kvalifiseringskampen mot Moss, den første av to kampar som endeleg skal avgjere om Molde får lov til å spele i Tippeligaen neste år også.
Viktig siger
Petter Rudi meiner cupsigeren søndag var viktig med tanke på kvalifiseringskampane. Men han meiner samtdig at det er viktig å få sigeren ut av hovudet og starte oppkøyringa til dei to kvalifiseringskampane mot Moss.
Ikkje garantert siger
Rudi tar ikkje lett på kampane mot Moss, sjølv om klubben er cupmeister. _Vi har vore eit dårleg tippeligalag og Moss har vore eit godt 1. divisjonslag, så kvalifiseringskampane kan bli like vanskelege som cupfinalen, meiner han.