| |
NRK Møre og Romsdal sender AaFK- Molde | Arne Flatin, Foto:NRK |
NRK Møre og Romsdal har eiga sending på P1-nettet her i fylket frå kampen Aalesunds FK mot Molde FK tysdag kveld. Publisert 09.09.2005 15:05. Det er stor interesse for kampen mellom AaFK og MFK. Etter at kampen har vore flytta to gonger er det tysdag 13.september klokka 1900 som er det magiske tidspunktet. To lokale lag på desperat jakt etter poeng som kan stimulere til fornya kontrakt i Tippeligaen.
NRK Møre og Romsdal sender direkte på P1-nettet og på nettsidene sine. Kommentator vert Arne Flatin.
Molde og AaFK har spelte tre kampar mot kvarandre i Tippeligaen tidlegare, og Molde har til gode å vinne ein einaste av dei. I 2003 vart det 1-1 på Kråmyra, medan AaFK vann 3-2 i ein høgdramatisk kamp på Molde stadion.
I årets 16.mai-kamp vart det 2-2 på Molde stadion etter at Molde hadde leia kampen 2-0. Både Molde og AaFK ligg utsett til på tabellen og kjempar for å unngå nedrykk til 1.divisjon.
LENKER
Siste saker:
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|