Møre og Romsdal er privilegert med to lag i årets Tippeliga i fotball. Også i år satsar NRK på sine 4-4-2-sendingar i radio og TV. NRK Sporten brukar fire menn frå NRK Møre og Romsdal til å dekke desse sendingane i år.
Det er Rune Hustad og Arne Flatin som dekker Molde og AaFK for Radiosporten, medan Pål Bakke og Øyvind J. Heggstad dekker dei same laga for NRK sine fjernsynssendingar.
NRK Møre og Romsdal utvidar dekninga på nettsidene sine nrk.no/mr, mellom anna med å innføre spelarbørs for MFK og AaFK.
Her er ein presentasjon av NRK sine fire fotballreporterar:
Pål Bakke
|
Pål Bakke (Foto: Svein Winther) |
Alder:34
Frå: Ålesund
Skal dekke: AaFK for NRK 1 og NRK 2, fjernsyn.
Favorittlag: Guard og Liverpool
Fotballbakgrunn: Forsvarsspelar på Guard frå miniputt til junioralder.
Sesongar som fotballreporter for riks: To
Forventningar til sesongen: - AaFK må nok slite for å berge plassen. Før sesongen er mange sentrale spelarar på skadelista og laget manglar ein skikkeleg goalgetter. Likevel, det er ein enorm entusiasme i byen. Klubben satsar stort med heilt nytt stadion som vil vere fylt til randen på dei aller fleste heimekampane. Klubben har også gjort nokre spennande spelarkjøp. Spesielt store forventningar til Karl Oskar Fjørtoft, som i storslag kan vere avgjerande for ny kontrakt. Erfaringane frå sist gong klubben var i Tippeligaen kan nok bidra til at AaFK såvidt bergar plassen.
Arne Flatin
|
Arne Flatin (Foto: Svein Winther) |
Alder:39
Frå: Ulsteinvik
Skal dekke: Molde og AaFK for NRK Radiosporten
Favorittlag: Hødd og Leeds.
Fotballbakgrunn: A-kampar for Hødd. Over tjue år som tillitsvald for Hødd mellom anna som fotballformann og leiar for heidersmerkeutvalet. Forfattar av HEIA HØDD i 1994.
Sesongar som fotballreporter for riks: 14. (Har kommentert 161 kampar frå Tippeligaen).
Forventningar til sesongen: Lokaloppgjera vert fantastiske. To flotte stadion og to lag som vil kjempe om poeng og prestisje. Begge laga kan få problem med å hevde seg særleg høgt oppe på tabellen, men det er lov å vere optimist. La oss håpe på ein sesong med mange flotte skåringar og fint spel der dei to laga frå Møre og Romsdal greier å berge plassen slik at det vert like kjekt i 2006.
Rune Hustad
|
Rune Hustad (Foto: Svein Winther) |
Alder: 32
Frå: Åndalsnes
Skal dekke: Molde og AaFK for NRK Radiosporten.
Favorittlag: Liverpool og Åndalsnes IF.
Sesongar som fotballreporter for riks: 2.
Fotballbakgrunn: Har spelt fotball for Åndalsnes på aldersbestemt nivå, og vore dommar nokre sesongar. No vert helsa sett på spel kvar veke med kampar for bedriftsidrettslaget i Ålesund.
Forventningar til sesongen: Det vert spennande med nytt stadion og stor entusiasme i Ålesund. Spørsmålet er om spelarstallen er god nok, men skulle Karl Oskar Fjørtoft kome i kampform vil det bety mykje for laget. Trur likevel AaFK også denne gongen vil vere mellom laga som må kjempe for å overleve.
MFK sin spelarstall ser spennande ut, men dei har hatt ei rufsete sesongoppkøyring. Den nye trenaren har likevel eit imponerande rulleblad, og Bosse Johansson bør kunne vere med på å heve laget ytterlegare. Bør kunne greie å unngå ein ny sesong med nedrykksstrid, men dei kjem nok heller ikkje heilt i toppen.
Øyvind Johan Heggstad
|
Øyvind Johan Heggstad (Foto: Svein Winther) |
Alder: 36
Frå: Ålesund
Skal dekke: Molde FK for NRK 1 og NRK 2, fjernsynet.
Favorittlag: Liverpool.
Fotballbakgrunn:: Aktiv spelar på aldersbestemte lag i Sportsklubben Herd. Krinsdommar på Sunnmøre sidan 1994.
Sesongar som fotballreporter for riks: 2.
Forventningar til sesongen: Det vert tøft for begge laga frå Møre og Romsdal. MFK har det klart største potensialet i sin spelarstall. Utfordringa for MFK, trur eg, er å få ein god start. Usikkerheit knytta til trenarspørsmålet, og svært dårlege resultat i treningskampane viser at MFK sportsleg sett ikkje er der dei bør vere før seriestart. Derimot trur eg laget har spelarar med kvalitetar som gjer at laget kan heve seg ut over i sesongen. Tippar MFK vert å finne på den øvre halvdelen, dersom nøkkelspelarar som Rudi, Mork og Kihlberg slår til. Årets joker på Moldelaget vert Petter Rudi. Han kan vere den enkeltspelaren som hindrar MFK frå å vere eit botnlag i år. Eg trur også at publikum vil vende tilbake til Molde stadion i større grad. AaFK's retur til Tippeligaen vil sikkert auke engasjementet i Molde. Dette kan verte tidenes fotballår for fotballelskarar i Møre og Romsdal.