skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Bosse i Molde

Den nye Molde-trenaren har målet klart: Han vil ha MFK tilbake til toppen av norsk fotball. I ettermiddag kom Bosse Johansson til Molde.

Publisert 21.03.2005 18:17.
- Eg lovar ikkje samba-fotball med ein gong, seier Bosse Johansson til NRK Møre og Romsdal. Det er for ideelt og for lett å berre ønske at vi skal spele som brasilianarane. Ein må rette seg etter dei tilhøva som fins, seier han.
Bosse Johansson kom til Molde i ettermiddag. Foto: Omar Sejnæs, NRK.

Kjenner Molde


Moldes nye trenar har ein karriere som få andre å vise til.
Toppen var EM-og VM-sluttspel med det danske landslaget.
- Eg veit kanskje ikkje så mykje om MFK, men eg veit ein del, seier han. Eg har sett dei spele kvart år i det siste. Som trenar for Gøteborg har eg også møtt MFK, ja eg har til og med tapt for dette laget.

Demokrat


På spørsmål om kva slags trenartype Bosse Johansson er, svarar han at han er ein demokratisk trenar, som snakkar mykje med spelarane og som lyttar mykje til dei. - Eg lyttar også mykje til menneska i miljøet kring klubben, og eg legg stor vekt på det sosiale, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Kamp i morgon


I ettermiddag landa Bosse Johansson på Årø, og blei presentert for media på ein pressekonferanse. Alt i morgon får han sjå kva laget er godt for. Då møter MFK Sogndal til treningskamp i Midsund.




Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no