| |
Cupbombe: Molde tapte mot botnlag | Anders Hasselgård |
Molde er ute av cupen etter ekstraomgangar i 3. runde mot botnlaget i 1. divisjon, Vard Haugesund. Av Arne Flatin. Publisert 09.06.2004 19:54. Molde hadde store problem i 1. omgang, og Vard var fakisk eit hakk betre enn tippeligalaget.
587 tilskodarar trudde likevel at kampen var avgjort då innbyttar Anders Hasselgård sette inn 1-0 etter 69 minutt.
Etter ordinær tid stod det 1-1 på Molde stadion. Vard gjekk opp til 2-1 like før slutt i 1. ekstraomgang etter scoring av innbyttar Kenneth Torstveit.
Vard på huggetMen Vard ville ikkje gi seg utan kamp, og Rune Thuestad utlikna berre sju minutt seinare.
I sluttminutta hadde Vard-kaptein Eirik Horneland ein kjempesjanse til å avgjere kampen, men keeper Knut Dørum Lillebakk avverga fint.
KjempesjansarMolde pressa på i ekstraomgangane, men det var Vard som scora- ved innbyttar Kenneth Torstveit.
Magne Hoseth hadde ein kjempesjanse i 2. ekstraomgang med eit kanonskot som gjekk i tverrliggaren og ned på målstreken.
Under pariMange av Molde-stjernene har spelt langt under pari i denne kampen.
Molde har dei to siste åra tapt 1-0 i 3.runde for 1.divisjonslag. I 2002 for Hødd og ifjor for Skeid- på heimebane. Og i år for Vard Haugesund
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|