16.mai er nesten å rekne som ein nasjonaldag dagen før dagen for fotballfolket. Det er alltid stappfullt med folk på desse kampane. For folk her i fylket er toppkampen på Lerkendal denne gongen. Dessverre har ikkje Molde fått heimekamp på 16.mai i år heller.
Fullt på Lerkendal
Rosenborg- Molde er ein klassikar og det vert fullt hus på Lerkendal med 21 000 tilskodarar. Mange Molde-tilhengarar tek nok ikkje turen til Trondheim, men kan verte oppdaterte via radioen.
Sender frå Høddvoll
NRK P1 sender frå alle kampane i Tippeligaen, men har vald ut ein kamp frå 1.divisjon. Det er lokaloppgjeret på Sunnmøre mellom Hødd og Aalesunds FK. Kampen på Høddvoll er venta å samle ein stad mellom 4000 og 6500 tilskodarar. Det meste som har vore på Høddvoll sidan laget var i Tippeligaen i 1995. Arbeidet med å bygge ekstratribunar har pågått heile den siste veka.
Grinderud og Flatin
|
Arne Flatin, her på Molde stadion, kommenterer frå Hødd-AaFK. Foto:Gunnar Sandvik |
Det er Kjetil Grinderud som kommenterer frå Lerkendal, medan Arne Flatin er på plass i kommentatorbua på Høddvoll.
Sendinga på P1 startar altså klokka 1745, og avsluttar klokka 2030.
Her er kampane i runda med kommentatorar:
Bodø/Glimt-Tromsø kl 1600 Bjarne Hagen
Lyn-Stabæk kl 1800 Arve Fuglum
Brann-Hamkam kl 1800 Jan Isdahl
FFK-Sogndal kl 1800 Trond Johnsen
Viking-Odd kl 1800 Øystein Ellingsen
Rosenborg-Molde kl 1800 Kjetil Grinderud
Hødd-Aalesund kl 1800 Arne Flatin
LSK-Vålerenga kl 2005 Øystein Ingdahl