Molde måtte vende heim frå Bergen søndag med 3-0 tap for Brann. - Vi må vinne duellar for å vinne kampar, seier assistenttrenar Odd Berg.
|
Arild Stavrum |
To kjappe
Brann fekk to kjappe mål i starten og hadde full kontroll resten av kampen.
Arild Stavrum vedgår at dette var ein nedtur etter den gode kampen mot Lyn i første serierunde.
Då vann Molde 2-0.
Trass i nedturen søndag har Stavrum likevel tru på at MFK kan gjere det bra i årets sesong.
|
Odd Berg |
Brann ville mest
Også assistenttrenar Odd Berg vedgår at dette var ein nedtur.
Brann ville mest, og når vi ikkje vinn ein einaste duell kan vi heller ikkje vinne kampen, seier Berg.
Slik han såg kampen blei MFK overspelt, hadde dårleg bevegelse og klarte sjeldan eller aldri å halde på ballen.
- Men vi skal reise oss, seier Odd Berg.