skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Utlendingane forsvinn frå MFK

Bjarni Thorsteinsson
Bjarni Thorsteinsson
Fleire av Molde sine utanlandske spelarar kan vere på veg bort frå klubben. Frå før er det klart at Tobias Carlsson reiser til Kalmar. No følgjer truleg fleire andre etter.

Av Arne Flatin. Publisert 29.11.2003 10:43.
Dei andre det gjeld er Bjarni Thorsteinsson. Islendingen er ikkje nøgd med kontraktstilbodet frå MFK, og hamnar truleg i ein dansk klubb. Til Romsdals Budstikke seier venstrebacken at lønna han skulle få i Molde FK ikkje var god nok. Aalborg er ein av dei mest aktuelle klubbane for landslagsspelaren.

Tynt i forsvaret

Frå før har David Ljung varsla at han vil bort. I tillegg forsvinn Petter Christian Singsaas til Steinkjer. Dermed kan det verte tynt i forsvarsrekka til MFK neste sesong. I alle fall må klubben kjøpe nytt i tillegg til at nokre av dei unge talenta kan få sjansen. Til dømes Erlend Ormbostad som har vore innom U-landslaget.

Men også andre er på veg bort. Fredrik Gustafson har fått tilbod frå ein svensk klubb, og må bestemme seg i løpet av helga. Også Olafur Stigsson kan forsvinne frå MFK. Han skal også bruke helga på å tenke.

Rudi tilbake ?

Berg Hestad er borte
Frå før er også Daniel Berg Hestad borte for Molde, men Petter Rudi kan verte erstattaren. I følgje Romsdals Budstikke er den gamle Molde-helten høgaktuell. Austria-spelaren har hatt samtalar med MFK om ein overgang tilbake til heimbyen. Også Amund Skiri er ønskt av MFK. AaFK-kapteinen har bedt om tenketid. Det vert med andre ord spennande dagar for MFK-patriotane før trenar Reidar Vågnes veit kva spelarstall han har å rutte med til 2004-sesongen.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no