skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Spennande innspurt

Det er berre to serierunder att i Tippeligaen, og kvart eit einaste spark på ballen vert viktig for Aalesunds FK. Heller ikkje Molde FK er trygge på plassen, sjøl med tre poeng meir enn AaFK.

Av Arne Flatin. Publisert 23.10.2003 12:41.
Søndag spelar AaFK borte mot Stabæk på Nadderud. Eit lag som sist runde nedsabla Rosenborg 6-1 på Lerkendal. Før det vann dei 6-0 over Brann på heimebane. Fryktingytande resultat og form, men Stabæk er ustabile. Det er også grunnen til at Bærums-laget aldri har vore heilt i toppen i Eliteserien. AaFK har også ein psykologisk fordel etter som dei vann 4-2 på Nadderud i cupen tidlegare i år. Også Stabæk har ein del å kjempe for, etter som dei jagar sølvmedaljane. To runder før slutt er Stabæk nummer tre på tabellen, to poeng bak Bodø/Glimt.

Stabæk-AaFK

AaFK treng desperat poenga, men utfallet i andre kampar kan hjelpe tangotrøyene. Skulle Tromsø til dømes tape begge sine siste kampar, treng ikkje AaFK meir enn eitt poeng i sine to siste kampar for å få kvalikplassen. På ei anna side kan AaFK vinne begge sine to siste, og likevel ikkje vere sikker på trygg plass. Så tett og spennande er det.

Molde-Viking

Molde har fordelen av å spele sin kamp måndag kveld etter at dei andre botnlaga har vore i aksjon. Mot Viking kan MFK sikre plassen. Med tre poeng der bør det meste vere i boks før avslutninga i Sogndal. Men heller ikkje Molde er heilt sikker på fornya kontrakt.

Slik ser nedre halvdel av tabellen ut, to runder før slutt:

06.VIK..24...41-32..31
07.BRA..24...41-46..31
08.LSK..24...27-35..31
09.VIF..24...29-29..28
10.MFK..24...28-37..28
11.Lyn..24...33-42..27
12.TIL..24...29-51..26
13.ÅFK..24...27-40..25
14.BRY..24...33-50..22


Gule kort

Mot slutten av sesongen er det også mange som er i faresona og må stå over på grunn av gule kort. Magnus Kihlberg (MFK) (bildet) og Eirik Hoseth (AaFK) må begge stå over kampane komande serierunde etter at dei fekk gult i lokaloppgjeret på Kråmyra laurdag.
Framfor kampane denne runda er desse spelarane i faresona:
AaFK: Frode Fagermo (5), Trond Fredriksen (5), Herman Ekeberg (2), Paulo dos Santos (2),Adam Skumawitz (2), Marius Aam (2).
MFK: Bernt Hulsker (5), Trond Strande (4), Petter Chr. Singsaas (4), Fredrik Gustafson (2).

Toppscorar

To runder før slutt er det Magne Hoseth (MFK) og Tor Hogne Aarøy (AaFK) som er toppscorarar for våre lokale lag. Hoseth har åtte mål i Eliteserien så langt, Aarøy har seks.
Lista over målscorarane til AaFK er denne: Tor Hogne Aarøy, 6, Eirik Hoseth,4, Morten Moldskred, 3, Christian Steen, 3,
Joakim Austnes, 2, Frode Fagermo, 2, Nils Ottar Sandø, 2, Øyvind Gjerde, 1, Fredrik Klock, 1, Bjørn Erik Melland, 1,
Amund Skiri, 1, Adam Skumawitz, 1 mål.

Lista over MFK-målscorarane er denne: Magne Hoseth, 8 mål,
Daniel Berg Hestad, 5, Anders Hasselgård, 3, Bernt Hulsker, 3, David Ljung, 2, Trond Strande, 2, Tobias Carlsson, 1,
Fredrik Gustafson, 1, Magnus Kihlberg, 1, Thomas Mork, 1,
Kai Røberg, 1 mål.


Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no