Molde kan møte Barcelona eller Manchester City i 2.runde i UEFA-cupen. Dette er to av seks lag MFK kan møte.
SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
Gruppeoppsettet for 2.runde i UEFA-cupen er no klart, og det betyr at Molde kjem til å møte eitt av fylgjande seks lag:
Barcelona
Borussia Dortmund
Slavia Praha
Dinamo Zagreb
Manchester City
eller Benfica frå Portugal.
Kampane skal spelast sjette og tjuesjuande november, og trekninga skjer frå klokka tolv.
Molde-sjefen, Espen Silseth, sa etter sigeren over Leiria onsdag at han gjerne vil møte eit engelsk eller eit tysk lag fordi det ligg mest pengar mot lag frå desse landa.