Molde sin midtstoppar Tobias Carlsson var inne til legesjekk i dag og då blei det klart at han ikkje kan heimekampen mot Rosenborg.
Han er framleis ikkje bra igjen i kneet, etter skaden han fekk i førre kamp mot Brann, og då må trenar Odd Berg finne ein erstattar.
- Petter Christian Singsaas er ingen dårleg erstattar. Han har vore plaga med ein del småskader, men vi håper han kan spele på søndag, seier Berg.
Han meiner han har eit slagkrafig lag før søndagens kamp.
- Med Daniel Berg Hestad tilbake får vi eit lag som kan matche Rosenborg, trur Molde-trenaren.