skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Hulsker avgjorde for MFK

Odd Berg jublar
Foto:Gunnar Sandvik
Odd Berg jublar Foto:Gunnar Sandvik
Det vart ein spennande og intens kamp på Molde stadion då heimelaget tok tre viktige poeng mot Bryne. Bernt Hulsker heada inn 3-2 målet etter at Bryne hadde kjempa seg inn att i kampen.



Av Arne Flatin. Publisert 31.08.2003 20:39. Oppdatert 01.09.2003 09:41.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Molde hadde tilsynelatande god kontroll etter 2-0 ved pause. Måla til MFK var likevel ganske billege. Daniel Berg Hestad sette inn sitt femte for sesongen då han sette inn ein retur frå keeper Kenneth Høie. Keeperspelet var ikkje mykje å skryte av, men Berg Hestad var der med ei lang tå.

Fredrik Gustafson laga 2-0 like etter då han fekk stå heil åleine inne i 16-meterfeltet. Han breisida ballen i det lengste hjørnet frå 12-13 meter.

Bryne utlikna

Etter pause kom Bryne inn att i kampen. Marcus Andreasson heada inn reduseringsmålet, medan innbyttar Dag Frode Hornseth utlikna etter ein fin prestasjon. På det tidspunktet trudde tilskodarane på Molde stadion at Molde skulle rote bort poenga, men Bernt Hulsker heada vakkert inn 3-2 etter innlegg frå Thomas Mork frå venstrekanten.

Tilskodartalet på Molde stadion var 4550, men dette er inkludert rundt 3000 sesongkort. Truleg var det langt frå alle desse som var der. Mest sannsynleg var det knapt 3500 tilskodarar på plass på eit stadion som tek over 11 000.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no