skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Molde vil ha tredje bortesiger

Molde Fotballklubb har vore veldig ustabile heile sesongen, men no håpar laget å kome heilt opp i ryggen på Stabæk ved å vinne på Nadderud i helga.

Av Arne Flatin. Publisert 22.08.2003 11:48. Oppdatert 22.08.2003 11:59.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Molde ligg fire poeng bak laget frå Bærum, og trenar Odd Berg veit at tre poeng vil føre laget opp i midtsjiktet på tabellen.

Skadefri tropp

Molde-trenaren har nesten ein skadefri tropp til Stabæk-kampen. Berre Bjarni Thorsteinsson er framleis ute av spel på grunn av skade. Etter at Molde hadde ein elendig bortestatistikk tidleg i sesongen har det betra seg noko med triumf både over Viking og Lyn- og Odd Berg slepp i alle fall alt pratet om null poeng og null mål på bortebane.

Stabæk i dårleg form

Stabæk er ikkje i spesielt god form. Laget har berre ein siger på dei åtte siste seriekampane, og berre ein siger på dei siste fire heimekampane. Odd Berg trur mannskapet hans skal kunne matche Stabæk. I fjor tapte Molde 4-2 for Stabæk etter at bæringane leia 2-0 etter berre fem minutt, og ei slik opning på kampen må Molde i alle fall unngå skal det bli tre poeng.

Ikkje nye spelarar

Odd Berg seier også at det sannsynlegvis ikkje blir henta inn nye spelarar til Molde før overgangsvindauget stenger 31.august. MFK må dermed greie seg med dei spelarane dei allereie har, seier Berg.
Det som blir viktig er å få erstatta lagkaptein Daniel Berg Hestad til 2004-sesongen. Berg Hestad skal spele i den nederlandske æresdivisjonen neste år for Heerenveen.


STABÆK-MOLDE FK
* Møtast for 11.gong på Nadderud. Status 5-1-4
* Stabæk har vunne tre av dei fire siste mot Molde- seinast 4-2 i fjor.
* Molde med seks tap på åtte bortekampar
* Stabæk har ein siger på dei fire siste heime.
* 0-0 i vårkampen på Molde stadion
* Kjølø (Stabæk), Gustafsson og Carlsson (Molde) har spelt alle minutta i årets serie
* 12 strake kampar utan uavgjort for Molde (5-0-7)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no