skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

- Må krige for å overleve i Tippeligaen

Molde sin bestemann i 2-0 sigeren over Klaksvik i går, Magnus Kihlberg, seier spelarane må krige for å overleve i Tippeligaen. Molde sin kamp mot Lyn på Ullevål søndag er uhyre viktig i botnstriden, seier svensken.

Publisert 15.08.2003 10:05.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Molde vann altså 2-0 over Klaksvik i går. Magne Hoseth på straffe og David Ljung scora for heimelaget. Returkampen går på kunstgras på Færøyane 28.august

Kihlberg er ikkje sikker på om lagkameratane er klar over at dei faktisk kan rykke ned.

Utandørsbasseng

Molde stadion likna nesten på eit utandørsbasseng til tider i regnbyene i går kveld. Magnus Kihlberg var ekstra sugen på kamp etter at han stod over mot Bodø/Glimt måndag. Han var Moldes bestemann i går, og fekk trampeklapp av publikum for innsatsviljen.

Og nettopp det er oppskrifta på å overleve i Tippeligaen seier svensken.

Magnus Kihlberg har spelt i norsk fotball i mange år, men dette er hans første i Molde. Ein klubb som har kjempa i toppen stort sett sidan 1995.
I Kihlberg sin gamle klubb Lillestrøm har det vore litt meir opp og ned, og han veit kva som må til for å overleve i Tippeligaen.

Søndag er tabellnabo Lyn motstandar på Ullevål. Og denne kampen er viktig seier Moldes kvikke midtbanespelar.









Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no