skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Molde slo Klaksvik 2-0

Det har regna kraftig i Molde i ettermiddag, noko som gjorde at det var temmeleg mykje overvatn på Molde stadion i kveld då Molde slo Klaksvik 2-0 i kvalifiseringskamp for UEFA-cupen.

Av Arne Flatin. Publisert 14.08.2003 19:16. Oppdatert 14.08.2003 22:42.

2-0 ved pause

Magne Hoseth fekk gult kort etter 25 minutt fordi han var for røff mot ein av Klaksvik-spelarane. Også Klaksvik-spelar Harley Bertholdsen fekk gult kort etter ei tøff takling på det våte underlaget. (31.min). Så fekk Molde straffe etter ei felling av Daniel Berg Hestad. Straffesparket sette Magne Hoseth sikkert i mål. Klaksvik-spelarane protesterte så kraftig at Ovi Nysted fekk gult kort. Like etter laga David Ljung 2-0 etter ein dødball.

Søkk våt bane og høljende regnvær prega kampen.
Foto: Gunnar Sandvik



Hulsker inn

Bernt Hulsker kom inn for Øyvind Hoås på Molde-laget etter pause. MFK kontrollerte det meste også etter pause utan å skape så mange sjansar i første halvdel.
Midt i 2.omgang fekk Martin Høyem sin debut i Molde-trøya etter overgangen frå Rosenborg. Høyem kom inn for Tobias Carlsson. Bernt Hulsker hadde ein stor sjanse nokre minutt før full tid, men åleine med keeper makta han ikkje å score.
Molde-keeper Eddie Gustafsson måtte strekke seg så lang han var på overtid og hindra eit reduseringsmål, som ville ha gjort jobben langt vanskelegare for Molde i returkampen.
Seks gule kort vart det. Fire til Klaksvik, og to til Molde.

Molde slapp Klaksvik fram på banen i sluttminutta, og det kunne lett blitt mål på dette frisparket.
Foto: Gunnar Sandvik


Lite publikum

Det dårlege veret gjorde også truleg sitt til at det var svært lite publikum på Molde stadion i kveld (868 tilskodarar). Men mellom dei som var på kampen var 40 Klaksvik-tilhengarar som tok charterfly til Noreg og Molde. Returkampen går om 14 dagar på Færøyane.

IK Klaksvik





Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no