skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Klaksvik neste for MFK

Ny sjanse for Odd Berg & Co
Ny sjanse for Odd Berg & Co
Molde har hatt ein svært skuffande sesong så langt. I Tippeligaen er det berre eitt poeng som skil laget frå kvalifiseringsplassen, medan det i cupen vart exit allereie i 3.runde. Og det på heimebane for 1.divisjonslaget Skeid. No har Molde ein ny sjanse til å få ein opptur i år, i UEFA-cupen. For å vere med på moroa må Klaksvik frå Færøyane overvinnast.

Av Arne Flatin. Publisert 13.08.2003 08:28.
Den første av to kampar går på Molde stadion torsdag kveld klokka nitten. Molde bør ikkje gå i den opplagte fella å undervurdere laget frå Færøyane. Sjøl om dette ikkje er det beste laget frå øya ute i havet.

Brei erfaring

Klaksvik har brei erfaring frå internasjonale kampar, og har deltatt i ulike UEFA-turneringar seks gonger, og spelt 12 kampar i turneringa tidlegare. På desse kampane har det vorte ein siger og ein uavgjort så langt. Landslaget til Færøyane har vist at det finst gode fotballspelarar på øya.

Klaksvik er no nummer fem på ligatabellen etter 12 spelte kampar. Laget har seks sigrar, to uavgjorte og fire tap.
I siste seriekamp på heimebane 10/8 vann Klaksvik 4 – 1 over EB/Streymur og angriparen Hjalgrim Elttør scora alle dei fire måla.

Klubben, KI Klaksvik er stifta i 1904 og har 100 års jubileum til neste år. Klubben har om lag 900 medlemmer og aktiviserer nesten 35 fotballag der også damelaget har gode resultat.
Frå Champions League i Molde. Ikkje heilt det same mot Klaksvik...


Retur om 14 dagar

Returoppgjeret skjer på Færøyane torsdag den 28. august. Vinnarlaget samanlagt spelar 1. ordinære runde i UEFA cupen onsdag 24/9 og onsdag 15/10. Motstandarar vert trekte i Monaco fredag 29.august klokka 13:00.








Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no