skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Odd Berg sit trygt trass nytt tap

Espen Silseth
Espen Silseth
Molde-trenar Odd Berg sit trygt i sjefstolen for Tippeligalaget trass i 2-0 tapet for Bodø/Glimt i fjor. Det seier direktør i Molde Fotball, Espen Silseth, til NRK Møre og Romsdal.

Av Arne Flatin. Publisert 11.08.2003 22:03.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Silseth seier at Berg er trenar ut sesongen, dersom han sjøl ikkje vil noko anna då, presiserer Silseth.
Molde-direktøren stadfestar også at klubben jaktar på nye spelarar før overgangsvindauget stenger 31.august. Og øvst på ønskelista står ein angrepsspelar som veit kvar målet står. Ikkje uventa etter at Molde i andre heimekamp på rad går mållause av bana etter eit hav av sjansar.

Store sjansar

Molde hadde fleire store sjansar i kampen i går kveld. I staden var det nordlendingane som scora etter 39 minutt. Åsmund Bjørkan gjorde forarbeidet. Han slo pasninga til kaptein Stig Johansen som skaut frå god posisjon innanfor 16-meteren. Gustafsson redda, men returen sette venstreback Vegard Sannes i nota frå kort hald.

Også etter pause hadde Molde store sjansar. Mellom anna heada Bernt Hulsker i tverrliggaren, og Tobias Carlsson heada returen i fanget på Glimt-keeper Tor Egil Horn som sat på streken.

Frustrert trenar

Molde-trenar Odd Berg var frustrert etter kampen, men seier det ikkje berre er uflaks når så mange sjansar vert misbrukte. Berg meiner det var rett å brukte 2 meter høge Øyvind Hoås som midtspiss. Dette var sunndalingen sin første kamp frå start av i Tippeligaen. Berg var fornøgd med innsatsen til den høge spissen, som fyller tjue i oktober.

Viktig kamp mot Lyn

Bodø/Glimt er no likt med Sogndal på plassane bak Rosenborg. Både Glimt og Sogndal har 28 poeng. Molde står att med sine 17 poeng, på plassen over kavlifiseringsstreken. Molde er poenget framom Lyn, og desse laga skal møtast komande søndag i seriekamp. Før den tid skal begge laga ut i kvalifiseringskampar til UEFA-cupen torsdag denne veka.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no