skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Molde slo tilbake

Bernt Hulsker
Bernt Hulsker
Molde FK slo tilbake etter sommarferien, og slo sølvplasserte Sogndal 3-1 på heimebane laurdag ettermiddag etter ein god 2.omgang. Daniel Berg Hestad avslutta kampen med eit soloraid og ei frekk scoring.

Av Arne Flatin. Publisert 19.07.2003 20:40.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Første omgangen mellom Molde og Sogndal var ikkje mykje å skryte av. Kampen var prega av stillingskrig, og Sogndal var best. Likevel var det Molde som hadde den beste sjansen ved Anders Hasselgård, men keeper Terje Skjeldestad blokkerte glimrande.

Raske scoringar

Molde vakna til liv i 2.omgang, og det skjedde då innbyttarane Bernt Hulsker og Thomas Mork kom innpå. Hulsker vart vraka til fordel for Arild Stavrum, og tok revansje då han heada inn 1-0 etter 68 minutt. Magne Hoseth laga 2-0 berre tre minutt seinare på eit overraskande langskot.

Utvising

For tredje gong vart Sogndal sin afrikanske stoppar Raoul Kouakou utvist etter duell med Bernt Hulsker. Denne gongen slo Sogndal-spelaren Hulsker i ansiktet etter ein duell, og Roy Helge Olsen måtte vise det raude kortet. Likevel greidde Sogndal å redusere til 2-1 ved Christian Kalvenes som fekk stå umarkert i blindsona og dunke inn ballen.

Vakker scoring

Molde-kaptein Daniel Berg Hestad ville ikkje ha noko av at Molde rota bort sigeren igjen og avgjorde kampen på eiga hand like før slutt. Han forserte to slitne Sogndal-spelarar, forserte mot dødlinja og scora frekt frå nesten død vinkel på ein overraska Sogndal-keeper.
Molde vann dermed kampen 3-1 og siktar no opp over på tabellen.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no