skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 
3.runde:

AaFK 4-2 over Hødd, Molde tapte 1-0

Kampane i 3.runde er ferdige. Det vart 4-2 til AaFK over Hødd. To mål kvar av Nils Ottar Sandø og Amund Skiri. Molde tapte 1-0 heime for Skeid etter scoring av Erik Noppi.

Av Arne Flatin. Publisert 25.06.2003 18:06. Oppdatert 25.06.2003 23:49.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Molde-Skeid

Skeid gjekk opp til 1-0 etter ei heading frå kort hald av kaptein Erik Noppi etter vel ein halv time av kampen. Molde hadde ein stor sjanse til å utlikne etter 35 minutt, men avslutninga frå Magne Hoseth vart redda på målstreken. Etter dette hadde Molde ein trippel-sjanse, men lukkast heller ikkje denne gongen.

Frå kampen mellom Molde og Skeid.
Foto: Gunnar Sandvik


Petter Christian Singsaas må vere blant dei mest uheldige fotballspelarane som finst. Han fekk tillit frå start i dag ettersom Trond Strande står over. Men berre etter 30 sekund måtte han forlate bana etter ein duell med ein Skeid-spelar. Frå NRK sin plass såg det ut som om Singsaas hadde skadd den høgre skuldra si. Erlend Ormbostad tok over Singsaas sin plass i MFK-forsvaret. 788 tilskodarar såg kampen i Molde i kveld. Molde sette inn på Kai Røberg og Stig Arild Råket i 2.omgang utan at det gav resultat.

Nils Ottar Sandø


AaFK-Hødd

Aalesunds FK gjekk opp til 1-0 mot Hødd etter eit knapt kvarter. Amund Skiri scora etter eit langt innkast. AaFK-kaptein Skiri auka til 2-0 etter rundt 30 minutt. Nils Ottar Sandø la på til 3-0 like etter. Tommy Sylte reduserte til 3-1 før pause, men Sandø laga sitt andre mål for dagen og 4-1 til AaFK. Tommy Sylte reduserte til 4-2 på straffe etter rundt 65 minutt av kampen.

AaFK er dermed på veg til ny cupsuksess i år. I fjor kom laget heilt til semifinale der det vart tap for Vålerenga på Ullevål.
Meir dårleg nytt for Hødd:Toppscorar Geir Televik måtte gå av bana på grunn av skade i 2.omgang.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no