|
Stig Arild Råket scora eit av måla mot AK. |
Molde slo Averøykameratene 3-0 i andre runde i fotball-cupen for menn.
Medan for Clausenengen er cupen over for i år - i Trondheim blei det tap 15-0 for landets beste lag, Rosenborg.
Stig Arild Råket skåra førstemålet etter berre fem minutt i kampen mellom AK og Molde.Øyvind Hoås og Kai Røberg stod bak dei siste måla som begge kom i andre omgang.
Braktap for Enga
Clausenenga var altså sjanselause mot Rosenborg som var i eigen klasse og utklassa Kristiansundslaget med 15-0.
Kampen vart spelt på reservebana til Rosenborg, og begge lag ville helst ha spelt kampen på Atlanten stadion i Kristiansund.