Spelarane klaga over dårleg atmosfære med berre rundt 3000 menneske på stadion i kveldskampen mot Lyn i går.
Molde har ny TV-sendt kamp komande søndag, men har truleg for kort tid å sette i verk andre tiltak. Det seier marknadssjef i Molde Fotball, Terje Sorthe. No skal Tornekrattet flyttast til komande kamp mot Stabæk. Kanskje kan det i alle fall gje ei betre stemning på stadion.
Ikkje berre tidspunktet
Sorthe seier at dei uansett ikkje berre kan skulde på TV-kanalar og dårleg tidspunkt. Prestasjonane på bana er kanskje det viktigaste for å trekke publikum til Molde stadion.
Budsjetterte med 5000
3800 var det offisielle publikumstalet i går inkludert sesongkort. Terje Sorthe (bildet)
trur det var knapt 3000 som faktisk var på stadion. Klubben hadde budsjettert med 5000 tilskodarar på Lyn-kampen. Mot Stabæk om ei veke er det på nytt TV-sendt kamp, men ein time tidlegare.
Berre 3800
Sidan opninga av nye Molde stadion i april 1998 har det aldri før vore så lite publikum på ein tippeligakamp som i går. Under 4000 tilskodarar er svært skuffande, seier Sorthe. Han trur at 4300 mot Bryne i fjor er det nest dårlegaste sidan opningskampen mot Lillestrøm for fem år sidan.