Arild Stavrum er igjen klar for Molde Fotballklubb etter at han signerte ei toårskontrakt no i ettermiddag.
|
Leiar i MFK, Oddne Hansen, og Arild Stavrum signerer kontrakten tysdag ettermiddag. |
Saman med Ole Gunnar Solskjær og Ole Bjørn Sundgot utgjorde Stavrum tidlegare ei frykta angrepsrekke i MFK. Han spelte for Molde i perioden frå 1994 og til 1996 og fekk med seg i alt 149 kampar for klubben. Dei siste sesongane har Stavrum spelt både for Stabæk, Helsingborg, Aberdeen og Besiktas.
Ankelproblem
I fjor haust var Stavrum lenge ute av fotballen mellom anna på grunn av problem med anklane. Mellom anna hadde han fysioterapibehandling i Oslo. I ein periode ifjor haust trena han også med Vålerenga, men det nyopprykka 1.divisjonlaget Fredrikstad har vore Molde sin hardaste konkurrent til å få signaturen til Stavrum.
Tysk mareritt
I sommar var han samd med FSV Mainz 05, men tyskarane meinte Stavrum ikkje var i form til å spele fotball. Det blei aldri kontrakt. Agent Erik Solér har jobba med å finne ein ny klubb til Stavrum, og no har dei altså lukkast.