P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Terri Senior: kandidat til P1-regjeringa


Av Odd Sørås. Publisert 25.05.2005 12:46. Oppdatert 25.05.2005 16:57.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:








Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr samtalen med Terri Senior i formiddagssendinga 25. mai.

Terri Senior er 37 år og arbeider som prosjektleiar i Møre og Romsdal Røde Kors. Ho er fødd og oppvaksen i Kingston på Jamaica, og har budd i fleire land før ho kom til Noreg for ti år sidan. Nyleg blei ho norsk statsborgar.



Terri Senior om seg sjølv

Ho synest det er ei god erfaring å ha kome til mange ulike samfunn utanfrå og lære dei å kjenne frå den synsvinkelen. Det ho er mest tilfreds med i sitt eige liv er at ho er blitt kjend med så utruleg mange menneske. Det som gjer henne mest glad er kontakt med menneske, naturen og å møte nye utfordringar. Fritidsinteressene hennar er ski, matlaging, språk og kajakkpadling. Førebileta hennar er folk som ofrar mykje av seg sjølv til beste for andre. Det som provoserer henne mest er likesæle, sjølvgodheit og fattigdom. Yndlingsboka hennar er "Sons and Lovers (Sønner og elskere)" av D. H. Lawrence.


Medmenneske, Noreg og verda

Terri Senior trur at vi har mykje større evner til å løyse problem enn det vi sjølve er klar over. Nordmenns beste sider er sjølvironi, toleranse og trua på likeverd. Noregs tre største fordelar er demokratiet, naturen og omdømmet vårt. Ho trur at om 100 år spelar Noreg ei større rolle på den internasjonale arenaen, og vi har - vonar ho - greidd å utnytte dei menneskelege ressursane vi har, ikkje berre dei fysiske.

Eit hjartesukk: ho synest vi alle bør bruke beina meir, og kan ikkje forstå at landet vårt ikkje er lagt betre til rette for syklistar!

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no