P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Anne Polden: kandidat til P1-regjeringa

Ho er den tredje av Møre og Romsdals fem kandidatar til P1-regjeringa. Les meir om Anne Polden:

Av Odd Sørås. Publisert 23.05.2005 14:03.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:







Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr samtalen med Anne Polden i formiddagssendinga 23. mai.

Anne Polden er gardbrukar, 30 år gammal og bur i Surnadal. Ho er sambuar og har ingen barn (enno). Ho er tidlegare generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag. I fritida driv ho med dans og organisasjonsarbeid, og er svært glad i å lese. Av dei bøkene ho nyleg har lese, likar ho svært godt "Bienes hemmelige liv" og "Populærmusikk fra Vittula". Når ho blir spurt om ho har førebilete, svarar ho: "Gro, Gunnar Stålsett og far min."


Foto: Gunnar Sandvik, NRK

Meiningar om seg sjølv og andre

Det ho er mest tilfreds med når det gjeld seg sjølv, er at ho har ei velutvikla evne til å la seg begeistre og lyst til å vere med og hjelpe, enten det gjeld arrangement, organisasjonsarbeid eller privatlivet. Det som gler henne mest, er når ho har sine samla rundt seg og dei har det godt, eller når prosjekt ho har arbeidd med går bra. Det som provoserer henne mest, er generell intoleranse, likesæle og ansvarsfråskriving - og populistiske TV-debattar.


Noreg, bygda og verda

Anne Polden meiner det er viktig å inkludere dei unge i arbeidsliv og samfunnsliv på eit tidleg stadium - før dei reiser ut, elles flyttar dei kanskje aldri heim att! Ho er også oppteken av å halde kulturen på heimstaden i hevd - men kulturen må ikkje bli eit museum, og kan fort bli for tett og einsarta. Derfor er det positivt at det kjem innflyttarar frå andre stader og andre kulturar. Ho trur at alle har ei kraft i seg til å forme sitt eige liv og det samfunnet dei lever i. Nordmenns tre beste sider er at dei er vennlege, ærlege og har ein brukbar rettferdssans (iallfall vonar ho det!). Dei tre største fordelane landet vårt har, er naturressursane, det velutvikla velferdssystemet og demokratiet.


Om framtida

Respekt, toleranse og likeverd er kjerneverdiar i tilhøvet mellom menneska i tida som kjem. Når det gjeld Noregs rolle i verda i dei neste 100 åra, trur Anne Polden at Noreg framleis blir ein viktig pådrivar for fred i Midt-Austen. Ho vonar vi skal bli leiande innan forsking omkring fornybar energi og at vi skal ha Europas reinaste natur. Dessutan ser ho for seg i heile landet eit mangfaldig og rikt næringsliv som byggjer på naturressursane våre, og eit folk som framleis er flinke til å ta vare på mangfaldet.



Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no