P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Ingvild Aas: kandidat til P1-regjeringa

I tida framover skal Møre og Romsdals fem kandidatar til P1-regjeringa presenterast. Først ut er Ingvild Aas frå Aukra.




Av Odd Sørås. Publisert 11.05.2005 15:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:










Blant dei svært mange dugande kandidatane til P1-regjeringa har fylkesjuryen peika ut fem kandidatar som folk i Møre og Romsdal seinare skal få stemme på. Ein av dei er Ingvild Aas frå Aukra. Her er ein kort presentasjon - du får eit fyldigare bilete av henne dersom du høyrer på samtalen NRKs Gunnar Sandvik hadde med henne i formiddagssendinga 11. mai. Bruk lydlenkja ovanfor.


Ingvild er 41 år, gift og har to barn. Som førebilete har ho mange flotte damer: mor, søster, venninner og andre kvinner omkring henne. Glimtvis har ho ein smule barnetru. Favorittbok akkurat no: Fra de grønne ånders land av Pascal Koo Thwe. Den handlar om ein liten burmesisk stamme, eit brutalt regime og vanlege, gode menneskes kamp mot det.

Ingvild Aas. Foto: Gunnar Sandvik, NRK


Kulturarbeidar

For tida er Ingvild Aas konsulent i Norsk kulturskoleråd og rådgjevar i kulturavdelinga i fylket. Til vanleg er ho rektor i kulturskulen i Aukra.


Fritid

Kulturen er både arbeid og fritid for henne. Ho er gjerne og ofte publikum på konsertar og forestillingar og er med i heiagjengen på fotball- og volleyballkampar. Set elles pris på gode venner, småturar til fots, litt kajakkpadling, bøker og film.


Om Noreg og nordmenn

Det som gjer henne mest redd for framtida er egoisme og fråkopling. Det som gjer henne gladast er kommentarane "Ja, det prøve vi", "Ja, i bli med" og "De e velkomne!". Det som provoserer henne mest er "bygdedyret". Ho meiner nordmenns tre beste sider er at dei er nokså rettskafne, arbeidsame og omsorgsfulle. Noregs tre største fordelar er god økonomi, spreidd busetjing og eit stort kreativt potensial.


Framtida

Tre kjerneverdiar i tilhøvet mellom alle slags folk i framtida: fellesskap, rausheit og skaparkraft. Ho har denne visjonen av landet og omverda om 100 år: Denne vesle fliken av verda har greidd å kombinere respekt for røtene sine med nye fleirkulturelle fellesskap, og dette gjennomsyrer arbeidsliv, skule og kultur.





LENKER
 
 
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no