P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Terri Senior møter i P1-regjeringa

Anne Polden har meldt forfall til møtet i P1-regjeringa. Dermed blir det Terri Senior som representerer Møre og Romsdal.

Av Odd Sørås. Publisert 15.06.2005 14:15. Oppdatert 15.06.2005 14:19.



Etter reglane for P1-regjeringa skal nummer to i avrøystinga vere vararepresentant. Når vinnaren Anne Polden no er blitt forhindra frå å møte i samlinga på Sem Gjestegård i Asker denne veka, blir det derfor Terri Senior frå Ålesund som skal representere Møre og Romsdal. Det skilde berre 12 røyster mellom dei to i avrøystinga blant P1-lyttarane i Møre og Romsdal.

Her finn du ein kort presentasjon av Terri Senior: Terri Senior: kandidat til P1-regjeringa

I regi av NRK P1 har lyttarar i kvart fylke valt ein representant til ei "regjering" som skal samlast på Sem Gjestegård frå torsdag 16. juni til laurdag 18. juni. Her skal dei utarbeide eit manifest med visjonar for dei neste 100 åra. Dette manifestet skal laurdag overleverast til ei rekkje av våre leiande politikarar. Det som skjer i P1-regjeringa blir rapportert i NRK P1.


LENKER
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no