P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Roar Hauge-Nilsen: kandidat til P1-regjeringa

Han er den andre av Møre og Romsdals fem kandidatar til P1-regjeringa. Les meir om han her.

Av Odd Sørås. Publisert 18.05.2005 11:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:









Blant dei svært mange dugande kandidatane til P1-regjeringa har fylkesjuryen peika ut fem kandidatar som folk i Møre og Romsdal seinare skal få stemme på. Ein av dei er Roar Hauge-Nilsen frå Ålesund. Her er ein kort presentasjon - du får eit fyldigare bilete av han dersom du høyrer på samtalen NRKs May Britt Haukås hadde med han i formiddagssendinga 18. mai. Bruk lydlenkja ovanfor.

Roar Hauge Nilsen. Foto: May Britt Haukås, NRK
Roar Hauge-Nilsen er 56 år gammal, skild og har 5 barn. Han arbeider som bedriftsrådgjevar, men driv også møbelproduksjon. Yndlingsboka hans er "Kunsten å leve" med tekst av Jan Vincents Johannessen og Jacob Weidemann. Når vi spør om han har eit førebilete, seier han at det nettopp må vere Jan Vincents Johannessen, tidlegare leiar for Radiumhospitalet.

Barn, ungdom og fritid

Sjølv seier han at trialsporten (som går ut på å meistre liten motorsykkel i vanskelege løyper i skog og mark) er fritidsinteresse nr.1. Roar Hauge-Nilsen har gjennom mange år brukt mykje tid på å arbeide blant ungdom, og var sentral i oppbygginga av Skodje Trial Klubb.

Det som gjer han mest glad her i livet, er når barna lykkast. Det han er stoltast av, er også barna, og det å ikkje gå på akkord med si eiga overtyding.

Medmenneske, Noreg og verda

Det som provoserer han mest, er urettferd. Alle menneske har gode sider, meiner han. Når han blir spurt om kva som er nordmenns tre beste sider, svarar han: at dei er opne, uformelle og kunnskapsrike. Noregs tre største fordelar er naturressursane våre, kunnskapen vår og demokratiet vårt.

Framtida

Det han er mest redd for når det gjeld framtida, er følgjene av den urettferdige ressursfordelinga i verda. Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle folk må vere rettferd, respekt for andre og viljen til å glede andre. Roar Hauge-Nilsen har desse vonene for Noreg om 100 år: at vi har jamna ut skilnaden mellom fattige og rike, at vi har god psykisk og fysisk helse og at vi har løyst energiproblema.

LENKER
 
 
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no