P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Lang og variert kandidatliste i Møre og Romsdal!

Ei førebels oppsummering viser bra kjønnsbalanse og at kandidatane til P1-regjeringa har gode og varierte kvalifikasjonar. Kor mange nye får vi fram til 2.mai?

Av Odd Sørås. Publisert 29.04.2005 15:05.





Ei variert kandidatliste

Når dette blir skrive om ettermiddagen den 29. april, ser vi på ei liste med 40 namn. Fire av dei 38 kan vi utan vidare sjå bort frå, fordi dei ut frå reglane ikkje er valbare: Tre av dei bur ikkje i Møre og Romsdal og ein har eit leiande politisk verv.

Dei 36 namna som står att, byr på eit variert utsnitt av folket i Møre og Romsdal: Her er folk frå det private næringslivet og offentleg tilsette, her er namn som folk flest kjenner og namn som mest er kjende i nærmiljøet. Her er kandidatar med utanlandsk bakgrunn, svært mange som engasjerer seg i organisasjonsarbeid på fritida, og sanneleg har vi fått både ein prest (Kari Synnøve Gaustadnes Hoel) og ein politimeister (Arnstein Nilssen).


Kjønn og geografi

I skrivande stund er kjønnsfordelinga bra: 47 prosent kvinner og 53 prosent menn, men dette kan endre seg den eine eller den andre vegen fram mot fristen. Også geografisk viser lista ei bra spreiing, sjølv om ålesundarane er svært talrike!


Næringslivet

er godt representert blant kandidatane. Spesielt verftsbransjen, naturleg nok i eit fylke som vårt. Her finn vi kjende Ulstein-namn som Gunvor Ulstein og John M. Kleven, og frå Vestnes Sigbjørn Akselvoll og Oddvar Skjegstad. Men varehandelen er også representert: til dømes surnadalingen Lars O. Løseth som eig ei rekkje butikksenter over heile landet.



Idrett og kultur


Det er slett ikkje overraskande at vi blant dei foreslåtte finn Jon Ketil Gjørtz - prosjektleiaren for Ålesunds nye praktbygg, Color Line Stadion. I kandidatrekka står han side om side med den ikkje fullt så fotballinteresserte byhistorikar og byvandrar Harald Grytten.



Politikarar

Folk med politiske verv kan ikkje vere med i P1-regjeringa, men vi har fått framlegg om to tidlegare svært markante politikarar som Bitten Linge og Kåre Ellingsgård, begge frå Molde.

Enno har du tid til å foreslå ein ny kandidat til P1-regjeringa. Det gjer du her: Foreslå din kandidat

Lista over dei foreslåtte kandidatane finn du nedanfor.




LENKER
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no