P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

P1-regjeringa i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal er sikra eit medlem i P1-regjeringa, og du kan vere med å bestemme kven det skal bli.
Du kan sende inn forslag på kandidatar fram til 2. mai.

Publisert 25.04.2005 14:57. Oppdatert 29.04.2005 13:26.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Nominér din kandidat

Startskotet gjekk i NRK Møre og Romsdals formiddags-
sending måndag 25. april, og det er høve til å foreslå personar fram til 2. mai klokka 14. Då skal ein jury velje ut fem kandidatar blant innkomne forslag, som lyttarane så skal røyste på. I juryen sit redaktør Lars Steinar Ansnes i Aura avis, programleiar May Britt Haukås og distriktsredaktør Oddbjørn Skarbøvik i NRK Møre og Romsdal.

Kven passar?

Den som blir foreslått må vere busett i Møre og Romsdal og må ikkje ha politiske verv.
Ideen om å la lyttarane velje ei P1-regjering er inspirert av 100-årsjubileet for Noreg som eigen nasjon og av at det er stortingsval i år.
P1-regjeringa skal tenkje høgt om kva som blir viktig for landet vårt dei neste hundre åra.

Viktige spørsmål

I formiddagssendinga måndag 25.04. medverka professor Jørgen Amdam ved Høgskolen i Volda. Han sa mellom anna at P1-regjeringa må uttale seg om kva som er viktig, kva verdiar som skal ligge til grunn for avgjerdene - kort sagt kva vi vil med samfunnet vårt.
– Spørsmål som kven som skal ha makt over teknologien, kva grenser skal vi sette for medisinske nyvinninngar og genteknologi, bør vere blant emna som P1-regjeringa drøftar, sa Amdam mellom anna.
Han meiner også at ei viktig sak blir å sikre eit høgt kunnskapsnivå blant innbyggjarane.

Tenkje langsiktig

No gjeld det altså å foreslå kven her i fylket som er best eigna til å filosofere over viktige spørsmål dei neste hundre åra.
Distriktsredaktør Oddbjørn Skarbøvik sa i sendinga at NRK Møre og Romsdal ønskjer kandidatar som er dristige, utradisjonelle og har evne til å sjå samfunnet i fugleperspektiv.
– Med all respekt for politikarane i Stortinget, fylkestinget og kommunestyra så må medlemmene i P1-regjeringa ha evne til å tenkje meir langsiktig enn det som er vanleg i den hektiske kvardagen i politikken. Og så har medlemmene i P1-regjeringa ein stor fordel: Dei treng ikkje tenkje budsjett!

Foreslå ein kandidat

Du kan levere forslag via internett: Nominér din kandidat.

På postkort: NRK Møre og Romsdal, 6025 Ålesund.
Merk kortet "P1-regjeringa".

Eller ved å sende ei tekstmelding til 1987.
Skriv P1 og kandidatnamnet, send og følg så instruksjonane vidare. Kvar melding kostar ei krone.

Les meir om P1-regjeringa.

LENKER
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no