skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Daudt løp før valet

To politiske meiningsmålingar siste døgeret syner borgarleg fleirtal framfor stortingsvalet måndag. Det er for tidleg å seie om dette er meir enn eit blaff bort frå det raud-grøne fleirtalet som har lege der lenge, skriv politisk kommentator Bjørn Bø.

Publisert 08.09.2005 11:43.
Av politisk kommentator Bjørn Bø

NYKEL: Lars Sponheim og resten av venstre kan verte nykelen i valet, meiner Bjørn Bø. (Foto: Scanpix)
Blokkvekslinga no fire dagar for valet syner at det er daudt løp i kampen mellom dei to erklærte regjeringsalternativa.

Likevel er det eit symbolsk punkt at det raud-grøne fleirtalet er borte på desse to målingane. Fysst og fremst syner dette kor små marginar det er som skal til for å påverke eit valresultat. Det aukar spaninga framfor valet. Og det aukar stresset i dei ulike politiske læger.

Venstre i nykelrolle?

I fleire meiningsmålingar i det siste har der vore tendensar til at Venstre kan vera på veg opp over sperregrensa for utjamningsmandat. Eit Venstre over sperregrensa er truleg ein førestenad for ein eventuell borgarleg valsiger.

Men det er ikkje sikkert at det er nok i seg sjølv for dei borgarlege. Venstre har likevel fått mykje merksemd som nykelrolleparti i det siste. Dette har mellom anna skjedd ved at folk med tilgang til pengar har gjeve gåver til partiets valkamp. Dei har også oppmoda til taktisk røystegjeving på Venstre for å tryggje borgarleg fleirtal. Ein kan ikkje sjå bort frå at denne verksemda har verka med til å gje partiet eit puff.

Arbeidarpartiet

Den valvinden Arbeidarpartiet syntest å ha i ryggen tidlegare i valkampen har stilna. Partiet slit med å stabilisere seg på 30-talet når me tek gjennomsnitt av dei siste målingane.

Dette skjer etter at Jens Stoltenbergs valkamp har vore omtalt som vellukka. Det buttar imot. Og når dei raud-grøne partnerane ligg heller smålåte til, blir kampen om regjeringsmakta tyngre. No må me heile tida ha for auge at der er feilmarginar knytte til funnna for dei einskilde partia. Men tendensen for Arbeidarpartiet er mindre positiv enn for berre nokre dagar sidan.

Sv strevar

Meiningsmålingane har blafra noko for SV. Men hovudtendensen er at det går heller tungt. Og i valkampen har partiet streva.

SV har kome i skuggen av storebror Arbeidarpartiet. Dessutan har SV for fysste gong stått fram som eit ansvarleg parti med ambisjon om regjeringsmakt. Dermed har partiet også stått fram med ein kompromissvilje som nok er uvant for mange av tilhengarane.

Borgarlege vanskar

Dei siste meiningsmålingane er ikkje hyggeleg lesing for dei raud-grøne. Men det er ikkje berre solskin i meldingane for den ikkje-sosilistiske sida heller.

For det er framleis Framstegspartiet som er lokomotivet på den sida. Så lenge Carl I Hagen står fast på at han vil fjerne Kjell Magne Bondevik som statsminister om det blir borgarleg fleirtal på nytt, er uvissa om framtida stor for regjeringspartia.

Dessutan - om valresultatet skulle bli så jamnt som dei siste målingane tyder på, kan fleirtalet for den eine eller andre parten bli avgjort av småparti som RV og Kystpartiet. I alle fall teoretisk.

(NRK)

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no