skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Rusk i SV-maskineriet

Internkritikken mot SV-leiar Kristin Halvorsen sine utanrikspolitiske utsegner om USA er ei påminning om dei store utfordringane som ligg i partiet sitt regjeringsprosjekt.

Publisert 01.09.2005 11:25.
Av politisk kommentator Bjørn Bø

KRITISERES: Kristin Halvorsens uttalelser om utenrikspolitikk kritiserers internt i SV. Regjeringssamarbeid krever sitt, skriver Bjørn Bø. (Foto: Scanpix / Knut Fjeldstad)
To landsstyremedlemer i Sv vil ha Halvorsen sin tale på Norsk Utanrikspolitisk Institutt heromdagen som tema i landsstyret.

Dei er misnøgde med at ho ikkje la nok vekt på det USA-kritiske i partiprogrammet.

Dette er ikkje noko opprør. Men kritikken er utriveleg for partileiinga no i innspurten av valkampen, og det gjev ammunisjon til politiske motstandarar.

Utanriksminister Jan Petersen har kome til at Halvorsens tale er eit uttrykk for at ho er flau over partiprogrammet.

Røyndomen

Delar av Halvorsen sin tale kan godt tolkast som eit vitnemål om dei politiske realitetane som møter SV i ei eventuell raud-grøn regjering.

NATO-medlemskapen og det nære tilhøvet til USA må liggje fast i samvere med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Denne røyndomen blir tydelegare etter kvart som valkampen skrid fram, og partileiinga har valt å leggje vekt på forklåringar av at det trengst kompromiss for å drive fleirtalsregjering.

Dette likar ikkje alle i partiorganisasjonen. SV er under kraftig press i valkampen. Det er stridt å både markere eigen politikk og godtgjera kompromissvilje i det raud-grøne regjeringsprosjektet. Når det har butta imot på mange meiningsmålingar i tillegg, er det slikt som lett utløyser surmuling.

Sprengkraft?

Landsmøtet i SV i vår heia for regjeringsprojektet under ein nærast rørande idyll.

Reaksjonane no er eit uttrykk for ein underliggjande skepsis mot dei politiske realitetane eit regjeringssamarbeid inneber. Denne skepsisen har vore der heile tida, hjå mange "ranke og rettruande". Og den blir forsterka av inntrykket av at SV legg seg altfor tett opp til Arbeidarpartiet i valkampen.

Når det kjem krav om at landsstyret i partiet må drøfte ein tale partileiaren har halde, ligg det sjølvsagt ålvor i dette. Kva sprengkraft det kan ha, eller graden av ålvor, trur eg i fysste omgang blir avgjort av kor godt eller dårleg partiet gjer det i valet. Det blir tungt å bera for partileiinga dersom ikkje regjeringsstrevet får rimeleg oppslutnad frå SV-sympatisørane.

Landsstyret i partiet er ikkje utan vidare lett match for SV-leiinga. Det var til dømes landsstyret som sette til side det SV hadde arbeidd for i pensjonskommisjonen.

Lekkasjar

Meiningsmålingar varierer. Og veljarane vandrar. Når det gjeld SV, syner målingar overgangar både til Arbeidarpartiet og RV. Slik sett blir partiet trengt frå to kantar.

Dei raudaste meiner truleg at politikken blir for utvatna. Dei meir moderate meiner kanskje at ein like godt kan halde seg til Arbeidarpartiet, når det raud-grøne prosjektet er sett opp som det er.

Slike element pressar også ei SV-leiing det står mykje på spel for framfor valdagen.

(NRK)

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no