skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Plan B og C i regjeringsspørsmål

Det er sjølvsagt eit interessant spørsmål om Kjell Magne Bondevik vil halde fram som statsminister heile neste stortingsperiode om han skulle få høve til det. Men når arbeidarpartileiar Jens Stoltenberg etterlyser klåre svar om dette, er det nok fysst og fremst for å prøve å svekke den sitjande regjeringa og statsministeren.

Publisert 06.09.2005 14:25.
Av Bjørn Bø

Krava frå Stoltenberg går inn i den ustanselege freistnaden frå båe sider i valkampen på å framstille motparten som både rotete og uviss. Båe partar har poeng der. Men like sikkert er det at verksemda gjer argumenta om at det står mellom to soleklåre regjeringsalternativ utydelegare.

Bondevik

Kjell Magne Bondevik har for så vidt sjølv invitert til at det vert reist spørsmål ved kor lenge han har tenkt å halde fram om valet og Framstegspartiet skulle gje han høve til det.

Ikkje fysst og fremst gjennom dei kryptiske utsegnene om at det berre er kona og Dagfinn Høybråten han har drøfta framtida med. For i botnen ligg at han har fråsagt seg attval til Stortinget. Ei ærleg sak det. Men det gjev motstandarane høve til å reise spørsmåla om kor heilhjarta han er som statsministerkandidat. For han sjølv er det neppe nokon plan B i politikken. Han kjem ikkje til å velje tettare samband med Framstegspartiet.
I mellom tida kan han halde fram med setje inn kårdestøyt om dei politiske motsetnadene mellom dei raud-grøne.

Høybråten

For Dagfinn Høybråten har knipa ei anna form. Som leiar i Kristeleg Folkeparti erklærer han gong på gong at alternativet til Bondevik-regjering er opposisjon. Han vil heller ikkje ha meir Framstegsparti-fart. Men han ser ikkje bort frå at han vil søkje innverknad gjennom sakleg samarbeid med ei eventuell arbeidarpartiregjering.

Dermed synest dette å vera hans plan B, snarare enn å stø ein mogeleg freistnad frå Høgre og Erna Solberg på å regjere åleine. Altså dersom det er borgarleg fleirtal etter valet, og Framstegspartiet feller Bondevik.

Solberg

Carl I. Hagens varsla avskilting av Bondevik er sjølvsagt mest plagsam for Høgre. Slik er det visseleg også meint frå Hagens side.

For høgreleiar Erna Solberg er det meir og meir viktig å understreke at ho vil arbeide for ei borgarleg regjering dersom det er borgarleg fleirtal. Nær sagt same kva som hender elles.

Høgre er så langt bunde til masta hjå Bondevik.
Men ein plan B er å prøve å regjere åleine i ein rotete situasjon som oppstår dersom Bondevik blir felt.
Om Kristeleg Folkeparti i ein slik situasjon er innstilt på å stille opp som stønadsparti, er mindre enn sjølvsagt.

Stoltenberg

Det enklaste for Jens Stoltenberg er sjølvsagt at plan A slår til, og at veljarane og regjeringstingingar gjev grunnlag for ei raud-grøn fleirtalsregjering.

Men om dette ikkje går inn, er situasjonen på borgarleg side avgjerande. Dersom ein borgarleg valsiger fører til kaos, slik Stoltenberg med gode grunnar spår, er det ikkje berre å hauste inn for han.
Ein eventuelt felt Bondevik vil peika på netttopp han som etterfylgjar. Då vil han ikkje prøve å skipe ein mindretals raud-grøn koalisjon.

Hans plan B må vera ei mindretalsregjering av Arbeidarpartiet. For å setje slikt ut i livet må han ha ei sakleg forståing med Kristeleg Folkeparti i t.d. nettopp budsjettpolitikken.(Eit Kristeleg Folkeparti som var Stoltenbergs fysste val som samarbeidspartner før det raud-grøne feste seg for ålvor).

Alternativet kan vera at bodet går attende til dei borgarlege der ein då må leite etter ein plan C.
Det ovanståande er sjølvsagt ein serie med kannestøyperi. Men det er like fullt situasjonar som kan bli verkelege.
Med så innfløkte utsikter er det kanskje ikkje så rart at hovudaktørane gjer det dei kan for å gjera motparten veikare.

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no