skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Framstegspartiets balansegang

Framstegspartiets valbrosjyre om innvandring og kriminalitet har ei rå kalkulert uttrykksform som rører ved kjensler av framandskepsis og redsle, skriv NRKs politiske kommentator Bjørn Bø.

Publisert 16.08.2005 14:50. Oppdatert 16.08.2005 14:56.
Av politisk kommentator Bjørn Bø

Brosjyra med bilete av ein person med finlandshette og haglbørse og med teksten ""Gjerningsmannen er av utenlandsk opprinnelse.....!" (Pressesitat vi ofte les)" er ei spesiell blanding av innvandringspolitikk og kriminalpolitikk.

Slik framstiller Frp innvandring på sine eige nettsider.


Dei politiske reaksjonane frå andre parti er indignerte, og SOS-rasisme kallar det rasistisk. Den juridiske sida let eg liggje. Men politisk er dette sjølvsagt eit element i det invandringsfokuset Framstegspartiet dreg inn i ein kvar valkamp.
Det gjer partiet i trygg visse om at der er invandringsskepsis hjå sympatisørar også til konkurrerande parti, t.d. i Arbeidarpartiet.

Vinnarsak?

Den tiltenkte brosjyremerksemda kan truleg tene til å konsolidere delar av Framstegspartiets eige veljarkorps. Dessutan veit partiet at dette er eit "misnøyeområde" i politikken. Andre parti har ikkje fullgode eller fullførde svar på kva som skal gjerast med mellom anna integreringspolitikken.

Og her er mykje å røre i om grenser mellom humanitet og rein oppfylling av FNs flyktingkonvensjon, om utvisingsreaksjonar for kriminelle utan fast opphald i landet og om reglar for det svært så samansette spørsmålet om familiesameining, for å nemne noko.

Likevel er det slett ikkje sikkert at det overdrevne fokuset Framstegspartiet har valt denne gongen utan vidare er ein veljarmagnet. Dette er ein balansegang. Frieria til veljarane kan synast rå, men Framstegspartiet driv ikkje med formell stigmatisering av grupper. Og saka er i alle fall ført opp på den politiske dagsorden i dag.

Valkampen

No har valkampen kome i gang for alvor også på TV-stasjonane. I det store biletet blir det snakka om saker som me ikkje får svar på før valet er over:

Korleis blir politikken til eit eventuelt raud-grønt fleirtal, og gjer Carl I. Hagen slutt på Bondevik-epoken dersom det blir borgarleg fleirtal?

Men det blir også diskutert korleis røyndomen eigentleg er. Usemja om kor godt eller dårleg me har det er ofte stor.

Og med ein dryg porsjon velvilje kan me også sjå Framstegspartibrosjyra som ein del av den bruk og misbruk av statistikk mange parti driv med. Disputten mellom Arbeidarpartiet og regjeringa om korleis det eigentleg står til med mannskapsstyrken i eldreomsorga er eit døme på det.

Innvandring og krim i valkampen?

Det er ikkje truleg at innvandring og Framstegspartiets spesielle kopling mellom innvandring og kriminalitet blir ei dominerande sak i valkampen. Til det er altfor stor merksemd knytt til regjeringsspørsmålet.

Spørsmålet om raud-grøn eller borgarleg regjering kan innehalde nyansar også i framandpolitikken, men dei er små i høve til dei mange sakene som er knytte til ord som "valfridom" og "offentleg ansvar".

Framstegspartiet er ein joker i valet frå før. Dagens brosjyresak har gjeve statsminister Kjell Magne Bondevik eit takknemleg nytt døme til å sei at dette syner kor vanskeleg det er for regjeringa å ha eit nærare samarbeid med Framstegspartiet. Slik sett skaper brosjyra gamalt nytt.

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no