Diktarens born fortel: Gunnar Reiss-Andersen | Gunnar Reiss-Andersen, Gry Waage, Dag Halvorsen |
I l921 då eldstejenta Gry vart fødd, hylla han si glede i eit dikt til den nyfødde. Men korleis var han som far, vår store diktar? Publisert 09.03.2001 10:05. Oppdatert 15.03.2001 15:26.Debut og fødselGunnar Reiss-Andersen utdana seg først til målar, men ordet synte seg å vera hans rette reidskap. Gry vart fødd i l921, same året som diktaren debuterte med samlinga "Innvielsens år."
I Reiss-Andersens neste samling finn vi m.a. diktet "Gry" som munnar ut i ei lovprising til dottera:
Barnets første tanke
er en hvelving over livets tre
Født i klosterForeldrene hadde planlagt fødselen i Italia, men Gry kom til verda mens dei ennå var i Tyskland. Slik vart ho født i eit kloster i Bayern. 13 år seinare kom turen til Dag. Fødselen var planlagt i Paris, mens han såg dagens lys i eit kloster i den franske provinsen.
Ukjende søskenSom born kjende ikkje Gry og Dag kvarandre, trass i at dei budde i same bydel. Men -kontakten kom etterkvart - både med kvarandre og med felles far. Men korleis var han som far vår store diktar?
Gry Waage gjekk for nokre år sidan i pensjon frå programleidarjobben i NRK. NRK-korrespondenten Dag Halvorsen er framleis ute i feltet, men når han er heimom, deler søskena leiligheten i Oslo.
Far døydde i l964, men set framleis kjensler i sving.
Av Steinar Dahl
På livet laus med Åshild Ulstrup, NRK P2, 11. mars 2001
Siste saker:
|