 |
Harald Sverdrup |
"Lei meg med din hånd, mitt barn" - Slik lyder ei linje i eit av Harald Sverdrups dikt. Elfi, hans einaste barn, hadde ofte handa si i farens - på jakt etter sjeldne blomar og fuglar.
Epletreet i livet og døden
Etter å ha vakse opp i
Oslo, slo lyrikaren Harald Sverdrup seg ned på eit lite bruk i skogen innanfor Sem i Vestfold. Her høyrde han fuglesongen, her dyrka han blomar, her fekk han ro for tanken. Og her, i ei lita bu, vart diktet til. Å dikta er å leva! sa diktaren. Ein kan ikkje skilja livet frå diktet!
Kvar morgon var han ute og fylte kokosnøttene som hang på epletreet med mat til fuglane. Han reiste til utlandet for å finna ein fugl, med ofte tok han dotter si med seg til den norske villmarka. Det kunne bli lange dagar på jakt etter ein sjeldan vekst, men også lange netter der samtalen kunne gå om det meste i livet. Alt kunne snakkast om, men "pass deg for pene menn!" sa far til si vakre dotter.
 |
Elfi Sverdrup |
I dag er det Elfi som styrer foreldrenes hus i skogen. Som far går ho kvar dag til epletreet og fyller kokosnøttene med fuglefrø. Mens far får kvila under greinene og fuglekoret, slik han ynskte.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 25. og 29. mai 2003.