56 hyllemeter i det nyinnreidde garasjebiblioteket, også kalla hjerneskapet, ber preg av at Berit Ås har ein fot i mange fag og felt: professor i sosialpsykologi, engasjert i blant anna trafikk, forbruk og røyking, politikar og stortingsrepresentant – ho var første leiar for SV - og aktivist, med kvinnekupp i kommunepolitikken og kvinneaksjon mot EF på rullebladet. Æresdoktor ved universitetet i København og i Halifax,Canada. Og Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.
Ho er eit namn i fleire utland, og ho dreg i trådar over heile verda.
Ho vart fødd i Fredrikstad for 75 år sidan, og var ein propell frå første stund, noko den vesle naboguten Fritz fekk erfare: han måtte vera dokke, og ho rasa rundt i hagen med han. For dei eigenlege dokkene vart raskt skamklipte og opererte – og i hovudet på dei var det berre sagmugg, sagmugg.
Blomstrande idear
Dei første bøkene ho las var av Jules Verne, der fantasien ikkje har grenser og det umoglege er mogleg. Ein ser for seg at det går eit spor frå Jules Verne til hennar vidare løpebane – ”vær realist, forlang det umulige”. 10. april blir ho feira med forskarseminar i Oslo, der står blant anna kvinnekultur, hersketeknikkar og økonomi på programmet. Om kvelden er det fest på Kvinneuniversitetet.
Og Kvinneuniversitetet, opna i 1985 på Løten i Hedemark, og med avleggjar i Steigen i Nordland, er hennar verk. Det var særleg to ting som låg til grunn for ynsket om å skape eit kvinneuniversitet: Få kvinner til å forstå sin eigenverdi, og rive ned veggene mellom ulike fag.
"Bevegelig"universitet
Men verda er større enn Løten og Norge, Berit Ås understrekar at perspektivet er og må vera globalt, og da trengs nye reidskap: eit internasjonalt kvinneuniversitet. Etter ein forskarkonferanse i Tromsø i 1999 møtte ho to universitetskolleger – frå Italia og Canada – i bedehuset sitt på ei øy i Nordland, adventistanes samlingsstad i Norden, og der oppstod tanken som nå ventar på organisering og pengar.
Denne milliardæren – det har vore fleire i livet til Berit Ås - var italiensk, og far til fire døtre. Han gjorde det mogleg at tjue framståande kvinner frå alle verdsdelar møttest i tre veker på Løten. Og på det møtet var ideen om eit internasjonalt, ”bevegelig” universitet vidareutvikla. Det skal sprette opp som sopp i regnvær på alle klodens kontinent.
Krigens varige spor
Berit Ås engasjerer seg i diskusjonen om lavdosestråling, mange hevdar skadeverknadene er små og usikre. Men ein engelsk pioner på området, legen Alice Stewart, åtvara mot følgjene, og har fått følgje av blant andre dr. Chris Busby og dr. Rosalie Bertell.
Det blir sagt at kreft hos barn i Irak er fordobla etter Gulfkrigen, der det vart brukt våpen med utarma uran. Berit Ås meiner det er langt verre enn som så.
Dei fleste ynskjer at krigen i Irak raskt skal vera over, men Berit Ås minner om at etter ein krig ligg ikkje berre døde att, det ligg øydelagde liv og sjølvmord. I bokhyllene er det også ei avdeling med fred og nedrusting. Der står Alva Myrdals bok ”Spelet om nedrustningen”, og Berit Ås slår opp på side 42 der det faktisk der står at ein halv million av dei omkring to og ein halv million soldatane som tidlegare tenestgjorde i Søraust-Asia tok livet av seg i ettertid, med referanse til opplysingar i avisa ”The New York Times”. Dette er vanskelege tal å hanskast med – andre kjelder opererer med mellom 20 000 og 200 000 sjølvmord. På internett finst ein ”suicide wall”, med namn og korte, personlege historier for ein del av Vietnam-veteranane som tok livet av seg.
- En må se sannheten i kvitauget, sier Berit Ås, og legg til: - Det er mye du kan tenke på av faenskap. Men samtidig er det livsnødvendig å glede seg over livet – for verden er også vidunderlig, se på snøklokkene jeg har plukka i dag, og sola skinner!
10. april 2003 fyller Berit Ås 75 år, og blir feira med forskarseminar i Oslo og fest på Kvinneuniversitetet i Løten.
Av Astrid Brekken
På livet laus, NRK P2, søndag 6. og torsdag 10. april 2003