 |
Jacob Breda Bull |
Den 28. mars ville Jacob Breda Bull fylt 150 år, diktaren som ved sine bøker gjorde Rendalen kjent, og som nå skal få dalen til å overleva.
Dalens framtid
Då Jacob Breda Bull døydde i 1930, hadde han skreve 60 bøker, romanar frå nåtid og fortid, skodespel, dikt om landet og naturen, om folk og dyr. Mest kjend vart han som folkelivsskildrar der stoffet vart henta frå hus og hytte i barndomsdalen. Kjend er han og som far til lyrikaren Olaf Bull.
Frå leseboka kjenner vi historien om Vesleblakken og Ulveslaget. Dyr og menneskje blir skildra med følsomt sinn. Så nært kunne han skildra folk at dei kjende seg igjen, og ikkje alle var like glade.
I dag takkar heile Rendalen diktaren som gjorde dalen deira kjend. Og ikkje minst takker dei for to bind med Rendalens historie og ei slektsbok av heilt uvanleg slag.
 |
Odd Ståle Grindal i samtale med Åshild Ulstrup |
Nå satsar dei på at det også er den gamle diktaren som skal halda dalen levande i framtida, seier rendølingen Odd Ståle Grindal.
Vogga i blåkammerset
Jacob Breda Bull kom til verda på blåkammerset i den gamle prestegarden i Øvre Rendalen i 1857. Faren var prest og Jacob studerte også teologi, men gjekk over til journalistikken før han for godt vart ein skrivande på eitt eige.
 |
Her, utanfor Ytre Redalen kyrkjegard er Breda Bull og kona hauglagt |
På Øvre Rendalen prestegard hadde Bull i fylgje seg sjølv, si beste tid, og mangt av stoffet til bøkene fann han også her.
Sjølv ville han gjerne haugleggjast i prestegardshagen, men kommunen den gongen hadde andre planar med prestegarden som gjorde at Jacob Breda Bull i dag ligg balsamert og hauglagt ilag med kona utanfor kyrkjegarden i Ytre Rendal.
Men i dag står vogga igjen i blåkammerset i den gamle prestegarden. For nå har Breda Bull fått til det han ynskte - eit Bull-museum som i dag, i jubileumsåret og for framtida skal trekkja folk til dalen, ja få den til å overleva.
På livet laus, NRK P2, 23. og 27. mars 2003.
Av
Åshild Ulstrup