Olav Vesaas sine diktarforeldre, Halldis Moren og Tarjei Vesaas var ikkje som andre foreldre i Vinje. Sat dei ikkje ved skrivebordet, sat dei gjerne med ei bok. Men Olav var lei av bøker. Han ville heller til naboen for å høyra historier.
Litteraturen og barnet
 |
Tarjei Vesaas med Olav og Guri |
Mens far hadde sitt eige diktarrom der han fekk vera i fred, rydda mor plass til skrivesakene på soverommet. Olav Vesaas sine foreldre dikta begge to - og begge skreiv dei vakre vers til sine to born, Guri og Olav.
 |
Halldis Moren Vesaas |
At det ikkje var like enkelt å vera diktar og ammande mor, fortel Halldis Moren Vesaas i diktet "Litteraturen og barnet". Ein gong ba ho ektemannen om å roa borna. Han skulle lesa høgt frå ei av sine eigne bøker. Tarjei las ein time, så slengte han boka frå seg og sa at han ikkje orka all denne søte romantikken - sine eigne ord.
Psykolog, far?
 |
Tarjei Vesaas |
For gutungen Olav var far det trygge om han var bestemt. Olav minnes fine turar hand i hand over haugane på garden. Men - det var også far som gøymde bjørkeriset Olav ein gong fekk kjenna.
Hadde guten problem, var mor nærare. Og når ungdomstida kom, skjøna heller ikkje Olav at faren var den ungdomspsykologen folk ville ha han til å vera.
Tvert om, meinte han, men skifta meining den dagen han for første gong skulle ut i verda, til Bø på gymnas. Lappane far hadde hengt på kofferten hans, viste at far ikkje hadde gløymt ungdomen.
Foreldres son
 |
Olav med mor og far |
Å vera barn av kjente foreldre, var ofte plagsamt. Når reisande spurde Olav om han var i slekt med Tarjei Vesaas, kunne han lyga og sei at det var onkelen hans.
Han var sjølvsagt stolt av foreldrene sine, av det han las og høyrde, men då læraren på gymnaset venta at også han skulle vera flink å skriva, mista han all interessa for stilskriving.
Som for fleire andre diktarborn, kom ikkje interessa for litteratur tilbake før i vaksen alder.
På livet laus, NRK P2, 23. og 27. februar 03.
Av
Åshild Ulstrup