Barndomens trass
Vil du i verden frem, min sønn, så bukk! Arnulf Øverland hugsar far sitt råd, men det passa ikkje unge Øverland. Tvert om, han ville heller knekkja nakken enn å bukka seg fram.
Og tidleg meinte han at det sanne livet var så gledeslaust og armodsleg at det måtte diktast om. Øverland drøymde mykje alt frå barndomen. Sjølv meinte han at det var draumen som gjorde han til diktar.
Liljer i skove
Tre liljer står i skove
mitt lille barn må sove.
Nu kommer alle stjerner små
og alver leker mellom strå.-
Arnulf Øverland skreiv mange dikt til sine to døtre, Eli og Åsil. Det var mjuke voggesongar, men også vers med gode råd på veien mot vaksenlivet.
Åsil har aldri høyrt han syngja sine eigne songar, og far snakka lite. Men den hardt arbeidande diktaren hadde stor omsorg når det trengtes. Var borna sjuke, sat han gjerne på sengekanten og las. Og i søvnlause netter kunne far og dotter sitja ilag og lytta til vakker musikk, minnest Åsil.
Mykje å angra på
 |
Åsil Øverland |
Åsil Øverland er 57 år, grafikar og bur i Oslo. Som barn var ho stadig i slåsskampar fordi ho hadde ein far som skreiv dikt. Ho brydde seg lite om dikta hans og syntes ho måtte betala dyrt for å vera dottera.
I dag har ho andre tankar om far sin. Han var ein genial mann med mykje humor, meiner ho og tenkjer på alt som skulle vore sagt og ikkje sagt dei imellom.
Men - i den vesle leiligheten hennar i Oslo har alle far sine bokhyller fått plass. Det kjennest trygt å ha far sine bøker og møblar heimefrå kring seg nå.
Diktarens born i På livet laus, NRK P2,
16. og 20 februar 2003
Av
Åshild Ulstrup