skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Eventyret Ellnor

-Ellnor Strøms liv og kunst er ein syntese. Som barn var ho glad i alt det vakre, i tonar og fargar. Ho ville bli kunstnar og vart det - i arbeidet sitt som i livet.

Publisert 14.06.2002 11:23.
-Ellnor Strøms liv og kunst er ein syntese. Som barn var ho glad i alt det vakre, i tonar og fargar. Ho ville bli kunstnar og vart det - i arbeidet sitt som i livet.

Arven frå far

Tidleg vart far idealet for veslejenta Ellnor. Han var fiolinist og tonane hans vart også dotteras. Dei spelte ilag og vandra ilag. . Far vart inspirasjonen som lærde henne å lytta og sjå. Mens mor fekk arbeidet med å oppdra.

Idag er Ellnor Strøm 86 år gamal, ein kjent tekstilkunstnar med teppe som har vore på utstillingar og er seld til både inn- og utland.

Livet - som kunsten

Med unntak av barndomen med ein inspirerande far, starta livet på kant for unge Ellnor. Først etter fylte 30 slapp ho frå heimen, men då hadde ho alt ei dotter med ein mann ho elska, men som elska mange andre. Barnet vart gleda - som sonen ho seinare fekk med mannen ho gifte seg med.

Orden i sakene

Nå ryddar ho i kaoset sitt. Det skal bli orden i sakene i kunstnarheimen i Brevik som er like spesiell som dama. Mens 86-åringen svevar fargerik og lett på sine svartmala golv, er kunsten på veggene tung og dramatisk.

-Kunsten speglar av tungsinnet mitt, meiner ho.
Og ser tilbake på eit liv der gleda og sorga har vandra ilag.








Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 26. og 30. mai 2002

Siste saker:

 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no