Sorenskrivar Trond Våpenstad retta ved opninga av forhandlingane i Frogn grendehus i dag hard kritikk mot fotografane som i går filma då ein rettsbetjent fall saman i retten i går ettermiddag. Tre fotografar blir heretter nekta tilgjenge til rettslokalet og pressesenteret.
SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
Av
Bent J. Tandstad
|
Sorenskrivar Trond Våpenstad kom i går med hard kritikk mot fleire fotografar (foto: NRK). |
I ettermiddag vart det klart at tre fotografar frå Scanpix, Dagbladet og P4 er utviste frå rettsforhandlingane så lenge saka varer, fordi dei fotograferte rettsbetjenten då han fall saman.
Våpenstad var uvanleg skarp i ordbruken, og sa blant anna at folk som oppførte seg på denne måten må ha mangelfullt utvikla sjelsevner.
- Å storme inn i rettslokalet for å fotografere ein mann som ligg nede i dødsangst provoserte meg sterkt. Mest provosert vart eg av den totale mangel på medkjensle som desse menneska viste, sa Våpenstad.
Han ba om at dei fotografane som var med på dette om å melde seg, eller at andre opplyser kven dei er. Han trua med å utestengje alle fotografane frå rettslokalet om dei det gjeld ikkje melder seg.
Rettsbetjenten ligg på sjukehus med hjerneblødning. Han skal i dag vere i betring.
Då rettsbetjenten fall om i går, kom fleire fotografar inn i rettslokalet og tok bilete.
- Vi har opplyst alle, både muntleg og skriftleg, at det ikkje er lov å fotografere under rettsmøtet. Eg er ikkje så formell, men det som provoserte meg mest var mangelen med menneskeleg medkjensle, sa Våpenstad blant anna.