| | Startar i Flåm 9. juni Publisert 21.05.2002 13:14 - Oppdatert 23.05.2002 13:04 Kongeparet si storstilte vitjing i Sogn startar i Flåm søndag den 9. juni. Reisa langs Sognefjorden blir avslutta med Håkonarspelet i Gulen to dagar etter.
Kong Harald og dronning Sonja møter dermed fylket slik kong Olav gjorde på si reise i 1958: Med ei reise ned Flåmsbana frå Myrdal stasjon. Medan han reiste ut fjorden og nordover frå Vadheim, skal dagens kongepar først til Årdal og så utover langs Sognefjorden før det heile blir avslutta i Gulen.
| Keisar Wilhelm II reiste gigantstatuen på Vangsnes. |
Undervegs går dei også i fotspora til kong Haakon VII når dei vitjar Fritjovstatuen på Vangsnes i Vik måndag morgon. Haakon var nemleg til stades under avdukinga i 1913, saman med keisar Wilhelm II som sytte for at statuen vart bygd.
| Sist kongen var på offisiell vitjing i fylket var då han opna Lærdalstunnelen. |
| |
|