| | – Sogn var fantastisk Etter ein og ein halv time med øsande regnver under Håkonarspelet takka Kong Harald for reisa gjennom Sogn. -Det har vore ein fantastisk tur, sa Harald.
| Våtare kan det ikkje bli |
Avslutta i øsande regnver Den kongelege ferda gjennom Sogn vart avslutta i øsande regnver i Gulen. Kledde med det som var av regnklede følgde Kongen og Dronninga Håkonarspelet.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Gulen
Møtte enka etter krigshelt Kong Harald la i føremiddag ned krans på minnebautaen over krigshelten Harald Risnes. Der møtte han og Dronninga også enka etter oberstløytnanten, Aslaug Risnes.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Hyllestad
| Dronning Sonja heldt opningstalen |
Kvernsteinsparken opna Kongeparet kom klokka 10 i dag i land på småbåthamna i Hyllestad. Hamna var fullsett av folk som venta på Kongen og Dronninga. Der føretok dei den høgtidlege opninga av Kvernsteinparken.
Besøkte verftet i Leirvik Kongeparet vart møtt av direktør Arne Jan Engen då dei kom til Havyard Leirvik klokka halv tolv i dag. Der vart dei orienterte om det moderne verftet.
Dronninga opna akvariet Dronning Sonja føretok i dag den offisielle opninga av Sognefjord Akvarium i Balestrand. - Ein kvar som ser ut over den vakre Sognefjorden må spørje seg sjølv - kva skjuler seg under den blanke overflata, sa dronninga.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Balestrand
Ungkarsklubb nytta sjansen Midt blant dei festkledde og flaggviftande balestrendingane som stod og venta på kongeskipet i går ettermiddag stod nokre unge menn med eit litt uvanleg ærend. Dei 20 medlemmene i Sygna Ungkarsklubb var nemleg på damejakt.
| To engasjerte kvinner |
-Engasjert Sonja -Sonja var svært engasjert og viste store kunnskapar om både kunst og arkitektur. Det sa kunstnaren Bjørg Frøisok Bjøberg etter å ha vore kongeparet sin guide i Balestrand.
Regnet innhenta Sonja Då Sonja kom til Futegarden i Balestrand måndag ettermiddag fekk ho for første gong møte regnveret i Sogn. Ho vart teken i mot av ein godt budd Frode Høyvik.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Balestrand
Kongen stoppa for Endre Nikolai Mange er dei som har stått langs kongeruta for å få bilete av kongeparet. Sjeldnare er det at paret stoggar for å la seg fotografere. Det fekk unge Endre Nikolai Offerdal til.
| Kongen smilte godt då han hadde avlevert toppkarakteren. (Foto: R. Søgnesand, NRK) |
Gav gamalosten toppkarakter På ein skala frå null til 10 gav Kong Harald gamalosten ein 11'ar! Han og Dronninga fekk servert osten frå meieriet i Vik i føremiddag.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Vik
| Dronninga møter born frå Vangsnes skule. |
Sagastemning på Vangsnes Kvart over ni i dag tidleg kom kongeskipet til Vangsnes i Vik kommune der dag to av kongebesøket i Sogn starta. Der venta framføringa av Fridtjovspelet ved den store statuen av segnkongen.
Ungar utkledde som kyr På Flatbygdi skule i Vik besøkte kongeparet dei to klasseromma til 1. klasse. Etterpå var det leik og skodespel med ungar utkledde som kyr.
| Eit djupt bukk av unge Mathias Hansen |
Folkefest i Årdal Eit folkehav tok i mot kongeparet då dei kom til Årdalstangen søndag kveld. Mest av alt imponerte kanskje unge Mathias Hansen med sitt djupe bukk for dronninga.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Årdal
Lyd og video frå kongebesøket Her kan du sjå og høyre innslag som er sendt på radio og fjernsyn i samband med kongeparet si reise i Sogn. Klyppa blir vist i Windows Media Player (Hjelp - lyd/video).
Bilete frå Årdal - ventinga Kongebesøk er også mykje venting. Langs heile ruta til kongen og dronninga vil det stå små og spente blomsterbarn og vente. Her ser vi Sunniva Øvstetun og Mathias Hansen på Årdalstangen.
| Ordførar Oddbjørn Einan møter kongeparet. |
Bilete frå Årdal - kongeparet kjem Det var avtroppande ordførar, Oddbjørn Einan, som tok i mot kongeparet då dei kom til Årdalstangen. Der fekk kongen mellom anna opna "Tusenårsstaden" til kommunen.
Kongeleg møte i Flåm Kong Harald og dronning Sonja følgde i Kong Sverre sine fotspor då dei kom til Aurland søndag. I Flåm møtte dei ein ny Kong Sverre spelt av 10 år gamle Brede Tokvam.
| Kjosfossen på sitt mest praktfulle. |
Praktfulle Sogn møtte kongen Sogn viste seg frå si beste side då kongen og dronninga starta si ferd langs Sognefjorden søndag. Det heile starta med turen ned langs Flåmsbana.
| Kongen går ombord på Myrdal stasjon. |
Bilete frå Flåm Reisa til kongeparet starta på Myrdal stasjon. Der dei gjekk ombord i vogna som skulle frakte dei ned Flåmsdalen. Her er dei vakre bileta frå turen.
| |
|