|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Eid kommune: Kongevitjingar i Eid | Kong Olav V vitja Nordfjordeid i samband med 100-års jubiléet til Fylkesbaatane i 1958. (Sjå utsnitt nedanfor). (©Fylkesarkivet) |
Kong Christian VIgjesta Nordfjordeid i 1733 i samband med i stor Noregs-reise der m.a. dronning Sofie Magdalene og 150 andre fylgde med. Han kom nordfrå Trondheim over Mannseidet til Selje, der han overnatta i prestegarden. Dagen etter kom fylgjet til Nordfjordeid, der kongen mønstra alle militærkompania i Nordfjord. Publisert 05.03.2001 09:07. Oppdatert 18.09.2006 15:46.Kong Oscar IIgjesta Nordfjordeid og eksersisplassen den i 1896. Fleire hundre soldatar frå Fjordane og Sunnmøre vart mønstra til stor parade.
| UTSNITT: Kong Olav V saman med fylkesmann Nikolai Schei (t.v.) og ordførar i Eid kommune, Berge Smørdal i 1958. (©Fylkesarkivet) |
Kong Olav Vgjesta Nordfjordeid første gong som kronprins i 1938 saman med kronprinsesse Märtha. Dei kom nordfrå til fylket over den nye Stigedalsvegen. Kronprinsparet var m.a. til frukost hos kjøpmann og major Knut Moen som hadde vore skulekamerat med Olav på Krigsskolen i 1924. (Saman med dei andre i skuleklassen vart Moen kvart år heilt fram på 1970-talet invitert til middag på Slottet).
Kong Olav Vgjesta også Nordfjordeid i 1949 som kronprins saman med kronprinsesse Märtha, og i 1958 i samband med 100-årsjubileet til Fylkesbaatane.
Kronprinsparet på besøk i 2006I september 2006 var kronprinsparet Haakon og Mette Marit på offisiell gjesting i seks kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.
| Kronprins Haakon helsar på dei unge. |
Høyr talen til kronprinsesse Mette-Marit på Nordfjordeid:
og frå pressekonferansen som avslutta besøket i Sogn og Fjordane:
Sjå bileta frå den kongelege vitjinga i Sogn og Fjordane:
SE OGSÅ
LENKER
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|