|
|
|
Alt om valget i ditt distrikt:
|
|
|
|
|
|
| |
|
Slutt for Baardset etter 18 år | Knut Baardset går av |
I Aure kommune er det slutt på ordføraperioden til Knut Baardset(bildet) frå Høgre. Trygve Hauge frå Arbeidarpartiet tek over ordførarjobben. Publisert 25.09.2003 05:22. Arbeidarpartiet får til dette ved å samarbeide med Venstre, Senterpartiet, Aurelista og Omega-aksjonen.
Ordføraren er det einaste partia er samde om. Resten av kabalen håper Trygve Hauge vil kome på plass gjennom eit godt samarbeid mellom partia. Hauge har inntrykk av at innbyggarane i Aure ville ha eit maktskifte.
Trygve Hauge er den tredje Arbeidarparti-ordføraren i fylket etter valet.
Baardset har vore ordførar i Aure i atten år. Han har dei siste åra vore ein pådrivar i arbeidet for å få slått saman dei to kommunane Aure og Tustna. Etter folkerøystinga er det klart at dei to kommunane blir slått saman frå januar 2006, og dette er i hovudsak eit resultat av at Imarsund-brua skal byggast.
Siste saker:
|
|
|
| |
|