skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
valg_more_romsdal-3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Val 2003 Møre og Romsdal
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK MØRE OG ROMSDAL I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 

Positivt med direkteval av ordførar

Roald Fiksdal
Roald Fiksdal
Alle kommunar i landet bør innføre direkte ordførarval.
Det seier både ordføraren i Vestnes, Roald Fiksdal (bildet) og ordføraren i Norddal, Arne Sandnes.

Publisert 18.08.2003 07:52. Oppdatert 18.08.2003 09:14.
Begge ordførarane har svært positive erfaringar med å vere direkte vald av innbyggjarane.

Forsking viser at direkte val gir auka engasjement rundt valet, men valdeltakinga går likevel ikkje opp.

Fire av kommunane i fylket hadde direkte val i 1999, og tre av dei held fram med ordninga ved valet i år. Til saman fem kommunar i fylket har direkteval i år. Det er Ørsta, Gjemnes, Norddal, Vestnes og Molde.

Suksess

Ordførar i Gjemnes Odd Steinar Bjerkeset får følge av Vestnes-ordføraren Roald Fiksdal og ordføraren i Norddal, Arne Sandnes. Dei meiner at direkte ordførarval har vore ein suksess, og det har gitt meirsmak: alle dei tre kommunane gjennomfører direkte val også i år.

Dei tre er samde om at denne ordninga skapte eit auka engasjement mellom veljarane, ordførar-rolla er blitt tydelegare, det var fint å sleppe hestehandel og skite spel i kulissane, og fokuset på personar førte ikkje til at sakene kom i bakgrunnen.

De tre er også samde om at ein direkte vald ordførar bør få meir makt og meir handlefridom, og det skjer no i Vestnes og i Norddal.

Direkte val av ordførar skjer i tillegg til det ordinære valet til kommunestyret. Dermed har ikkje ordføraren eit fleirtal i ryggen som er forhandla fram i kommunestyret.

Auka engasjement

Direkte ordførarval i 1999 førte til auka engasjement blant veljarane sjølv om valdeltakinga gjekk ned. Det seier forskar Helge O. Larsen som har evaluert forsøket med direkte ordførarval for Kommunaldepartementet.

Undersøkinga viser at personvalet spelte ei særleg viktig rolle i Hareid, og dette var og den kommunen der flest veljarar meinte at direkte val ga dei politisk påverknad.

Larsen seier han i år er mest spent på korleis direkte val vil slå ut i store byar som Molde.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM VALGET 2003

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Spill valgfleskspillet

Bli med kokken Tor ut på leting etter valgflesk. Ikke la deg snakke rundt av Carl I. & Co!
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Nytt firma leverer valgdata

I år skal valgresultatene leveres av firmaet ErgoEphorma. For første gang skal ikke IBM stå for leveringen. Det knytter seg stor spenning til omleggingen.

Valgkamp à la Kalvø

Det mest populære innslaget i NRKs siste folkemøte var uten tvil valg-oppsummeringen til Are Kalvø og Espen Beranek Holm.

- Friskulen eit angrep på busetjingsmønsteret

- Friskulen er eit angrep på busetjings-mønsteret! Det sa Kristin Sørheim frå Senterpartiet i skuledebatten i valsendinga frå NRK Møre og Romsdal onsdag. Se valgsendingen
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no